Koeffisient

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein koeffisient er eit tal, ein konstant eller ein funksjon som står som faktor i eit matematisk uttrykk. Ofte er dette uttrykket eit potensuttrykk av ein eller fleire variable.

Døme:

der dei første tre ledda har høvesvis koeffisientane 7, −3 og 1.5 (i det tredje leddet er variabelen gøymd eller har potens lik null).

Ofte er koeffisientane tal som i dette dømet, men dei kan òg vere parameterar i problemet, som a, b og c i

der det er forstått at desse ikkje vert rekna som variable.

Eit polynom med ein variabel x kan skrivast som

for somme heiltal k, der ak, ... a1, a0 er koeffisientar.

I fysikken[endre | endre wikiteksten]

Koeffisientar vert mykje nytta i fysikken. Om ein storleik A under visse vilkår er proporsjonal med ein annan storleik B, kan dette uttrykkjast ved å skrive A = k·B. Dersom A og B har ulike dimensjonar, blir k ein storleik med dimensjon ulikt frå 1, dvs ein namngjeven storleik, og k blir då kalla ein koeffisient eller ein modul. Viss A og B har same dimensjon, blir k ein ren talstorleik (med dimensjon 1), og blir då kalla ein faktor. Døme er lengdeutvidingskoeffisient, elastisitetsmodul og friksjonsfaktor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]