Kogger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kogger med piler.

Kogger (av lågtysk koker) er eit hylster eller røyrforma ilåt til å ha piler i. Det kan berast av ein armbrøst-, blåserøyr- eller bogeskyttar i livet eller på ryggen, vera festa i ein sal for ein ridande skyttar, eller stå på bakken. Moderne kogger kan også sitja på sjølve våpenet.

Tradisjonelt laga ein kogger av lêr, pels, bork, tre eller andre naturmateriale. Moderne kogger blir ofte laga i metall, tekstil, plast og komposittmateriale, sjølv om lêrkogger framleis er vanlege.

Eit av dei eldste koggera som er funne blei oppdaga i utstyret til ismannen Ötzi, som er datert til rundt 300 f.Kr. Koggeret var laga av gemseskinn og inneheldt 14 piler. Det blei funne saman med ein langboge.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kogger