Kognitiv lingvistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kognitiv lingvistikk er ei samnemning for ei rekkje lingvistiske teoriar som har vakse fram sidan 1980-talet. Ordet kognitiv kan i denne samanhengen definerast som mentalistisk og interaktiv:

  • At kognitiv lingvistikk er mentalistisk, tyder at han der basert på kognitiv psykologi i motsetnad til behavioristisk psykologi. Kognitiv psykologi reknar – i motsetnad til behavioristisk psykologi – med eksistensen av ein eit sinn eller ein hug (engelsk mind), og reknar dette sinnet som det primære studieobjektet sitt.
  • At kognitiv lingvistikk er interaktiv, tyder at han er ikkje-modulær. Ein tek som arbeidshypotese at oppbygnaden av språket kan beskrivast eller forklarast uttømande på grunnlag av meir allmenne fenomen, i fyrste rekkje allmenne psykologiske prinsipp.

Hovudretningar av kognitiv lingvistikk[endre | endre wikiteksten]

Mellom dei viktigaste retningane av kognitiv lingvistikk reknar vi desse: