Koiné

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koiné (fellesspråk) er namnet på det greske administrasjons- og talemålet i det Hellenske riket. Talemålet er basert på den attiske dialekten, men har ein del ikkje-attiske drag, særleg frå jonisk. Det nye testamentet er skrive på Koiné.

Etter mønster frå koiné-gresk blir koinéspråk nytta i lingvistikken om standardspråk eller -dialektar. Koinéspråk oppstår på grunn av språkkontakt mykje på same vis som pidgin- og kreolspråk, men der utgangsspråka er innbyrdes forståelege. Sidan talarane forstår einannan før koinéspråket blir til, går ikkje koiniseringa like fort som danninga av pidginspråk. Eit koinéspråk oppstår som eit nytt talemål attmed dialektane det er basert på, det endrar ikkje på nokon eksisterande dialekt. Dette skil koinisering frå dialektendring.

Danna daglegtale er eit dansk-norsk koinéspråk som bokmål er basert på.