Kokáma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kokáma
(Kokáma)
Klassifisering: Tupianske språk
 Tupí-guaraní-språk
  Tupíspråk
Bruk
Tala i: Peru, Brasil, Colombia
Kokámatalande i alt: 2 000
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3: cod

Kokáma (spansk cocama) er eit urfolkspråk som blir snakka av omtrent 2000 talarar i vestlege delar av Sør-Amerika. Det blir snakka i Peru langs nedre delen av elva Ucayali, av Marañón- og Huallaga-elvene i Brasil og i Colombia.

Det er 15 000 kokama-indianarar, dei fleste av dei bur i Peru. Mange av dei er trespråklege, og snakkar både portugisisk og spansk i tillegg til kokama.

Kokáma er skriftfesta, og bruker det latinske alfabetet. Delar av Bibelen er omsett til kokáma.

Språkdøme[endre | endre wikiteksten]

Døma er henta frå Gramática Coocama av Norma Faust A. (tredje utgåve, 2008)[1]

Fargar

Kokáma Norsk Spansk
iu gul amarillo
pɨtani raud rojo
ɨquɨrata mørkegrøn verde oscuro
tsahue grå gris, nublado
tsenepuca blå, lysegrøn azul, verde claro
tsuni svart negro
tini kvit blanco


Kokáma Norsk Spansk
Umi cai. Sjå! ¡Mire!
Tsani uri. Kom! Venga.
Inambica uri. Vennlegst ikkje kom. Por favor, no venga.
¿Macatipa nutsu? Kvar skal du? ¿A dónde vas?
Tutsu atsɨrɨca rupe. Eg skal ned til elva. Me voi río abajo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]