Koka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koka
Koka
Koka
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Erythroxylaceae
Slekt: Erythroxylum
Art: Koka E. coca
Vitskapleg namn
Erythroxylum coca

Koka (Erythroxylum coca) er ein plante i kokafamilien (Erythroxylaceae) som stammar frå den vestlege delen av Sør-Amerika. Kokaplanten inneheld fleire alkaloid, og er opphav til fleire rusmiddel. Han speler ei viktig rolle i den tradisjonelle kulturen i Andesfjella, der ein har togge kokablad. I nyare tid vinn ein ut det kraftige narkotiske stoffet kokain frå han.

Ordet «koka» kjem frå spansk coca som er henta frå quechua cuca. Dette kan igjen koma frå det bolivianske aymaraspråket. Namnet er brukt i varemerket Coca-Cola, som opphavleg blei laga med kokablad.

Plante med bær.

Kokaplanten er ein busk som kan bli rundt 2,4 høg. Han har tynne, ovale blad. Blomane er små og sit i klasar med fem gulkvite kronblad. Bæra er raude.

Koka blir i dag dyrka i Sør-Amerika, Afrika, Søraust-Asia og Taiwan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Coca plant i etymonline.com
  • «coca» (2011), Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Koka
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.