Kokebok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Annan Halm si tyske kokebok Neues, praktisches Kochbuch für einfache und feinere Küche («Ny, praktisk kokebok for enkle og finare kjøkken») frå rundt 1900.

Kokebok er ei bok som inneheld oppskrifter på ulike matretter, og kan også ha bilde av dei og råd om korleis dei bør lagast.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste kokebøkene kjem frå asiatiske land. Den eldste kjende kokeboka er indisk og heiter Vasavarajeyam. Ho er skriven på sanskrit og er rekna for å vera opp mot 3 500 år gammal.[1]

Ei av dei eldste kjende kokebøkene frå mellomalderen blei skriven av Sayyar al-Warrāq frå Baghdadi på 900-talet, og inneheldt både matoppskrifter og dikt om mat.[2]

Den første «moderne» europeiske kokeboka blei skriven rundt 1460 av renessanse-kokken Martino, med tittelen Libro de arte coqvinaria composto per lo egregio maestro martino coqvo olim del reverendiss monsignor camorlengo et patriarcha de aqvileia. Denne kokeboka er eit grunnlag for det moderne italienske kjøkkenet, og fortel mellom anna korleis ein lagar pasta. Martino blei snart gløymt, men ein annan romar, Platina, kopierte ein stor del av boka og fekk henne utgjeven i 1474 med tittelen 'Om sann nyting og velvere'. Kokeboka Libre del coch av katalanaren Robert de Nola er blant dei første trykte europeiske kokebøkene. Første kjende utgåve er frå 1520, men ho kan ha blitt utgjeven tidlegare. Teksten stammar frå før 1491, og blei truleg til kring 1470.[3]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dei første kokebøkene i Noreg var handskrifter. Eit døme på det er oppskifter som finst i boka med den lange tittelen: Familiestamrulle vedkommende Eliesonske, Ankerske, Colletske, Kiønigske m.m. familier – fra slutningen av 1600 – 1874 osv. Boka inneheld i tillegg til oppskrifter òg religiøse betraktninger, slektsopplysningar og vevoppskrifter. Mange av oppskriftene i boka blei prøvde ut i samband med Riksarkivet si markering av grunnlovjubileet i 2014.

Hanna Winsnes skreiv det som blir rekna som den første norske kokeboka, Lærebog i de forskellige grene af husholdningen. Ho kom ut i 1845, og inneheldt alt ei husmor hadde nytt av å vita om matlaging, slakting, husdyrstell og hagedyrking. Boka har kome i fjorten opplag.

Peter Chr. Asbjørnsen gav i 1864 ut kokeboka Fornuftigt Madstell under psevdonymet Clemens Bonifacius. Ho blei godt motteken, men utløyste den berømte «Grautstriden», der Eilert Sundt og Asbjørnsen var usamde om nytten av å bruka rått mjøl i ferdigkokt graut.[4] Stor kokebok for større og mindre husholdninger av Henriette Schønberg Erken fekk stor utbreiing. Ho kom ut for fyrste gong i 1914 og deretter i stadig nye opplag. Denne kokeboka var revolusjonerande, i og med at ho sette kosthaldsverdiar og økonomi i fokus. Utgåva frå 1943 inneheld oppskrift på fuglsuppe, svineryggsuppe, makrell i watersaus, svenske kroppkakor, dronning Louise-pudding, kong Haakons kaffebrød og «mellemafskake» med deig av kardemomme, rosiner, hakka mandlar, nysilt mjølk og fire toppa teskeier bakepulver, fylt i blekkbokslok.[5]

Den første kokeboka på nynorsk var Heimestell av Hulda Garborg, som kom i 1898. Dette var ei bok som retta seg mot «smaae hushald, helst paa lande».

Nokre av dei bestseljande kokebøkene i dag har forfattarar som Jamie Oliver, Bent Stiansen, Wenche Andersen, Arne Brimi, Ingrid Espelid Hovig og Andreas Viestad, altså i første rekkje personar som er blitt kjende gjennom TV og matspalter i andre media.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vasavarajeyam das älteste Kochbuch der Welt aus Indien», www.koch-welten.de, henta 17. oktober 2021 
  2. Mejia, Paula (3. oktober 2018), «The 10th-Century Baghdad Cookbook That’s a Poetic Tome to Food», Atlas Obscura (på engelsk), henta 31. mars 2023 
  3. «Llibre del Coch' ("The Cookery Book"). From Catalonia to Europe», Culturcat, Catalonias regjering.
  4. «Den store grautstriden», Nasjonalbiblioteket (på norsk bokmål), henta 17. oktober 2021 
  5. Øyvind Risvik: «Man tager», Vi over 60, februar 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kokebok