Kokegrop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kokegroper ved Bommestad i Larvik (ny trasé E18).
Foto: Arnstein Rønning, 2006

Kokegroper er gropar med eit kollag dekt av skjørbrent stein. Dette har vist seg å vera ein av dei vanlegaste strukturane ein finn ved arkeologiske undersøkingar. Ein har funne eit stort tal av dei i samband med undersøkingar i Aust-Noreg.

Kokegroper er som fenomen kjent og utbreidd i større delar av Nord- og Sentral-Europa.[1] I Noreg kan dei fleste kokegropene daterast til romartid eller folkevandringstid, det vil seia frå 0–600 e.Kr. Enkelte er òg daterte til førromersk jernalder (500 f.Kr.–0) og yngre bronsealder (ca. 1000 f.Kr.–0). I sjeldne tilfelle finst òg dateringar frå steinalder og frå vikingtid.[2] I Sør-Skandinavia og på kontinentet ligg tyngdepunktet for dateringane noko tidlegare.

Kokegroper varierer i form og storleik. Dette er moglegvis eit resultat av ulike bruksområde. Dei kan vera runde, ovale eller rektangulære. I storleik varierer dei frå ca. 1 m i diameter til ca. 3 m. Hovudpoenget med å leggja stein i eit bål i ei grop, er å magasinera varme. Når steinane er gjennomvarme, kan ein leggja på mat innpakka i blad, og lukka gropa med torv. Kokegroper er difor kjenneteikna av tydelege lag med kol og dessutan mengder med skjørbrent stein, òg kalla kokstein. Denne matlagingsteknikken er kjend i mange kulturar over heile verda. Kokegropene kan liggja i større samlingar, einskildvis, eller i mindre grupper.

Større felt med kokegroper kan tolkast som spesielle samlingsstader, tingstader eller kultplassar. Ein teori er at dette ikkje dreier seg om vanlege kvardagsmåltid, men at måltida som blei laga til i gropene var knytte til spesielle festar eller kultiske handlingar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gustafson, Lil; Tom Heibreen; Jes Martens, red. (2005). De gåtefulle kokegroper. Varia 58, Kulturhistorisk Museum Fornminneseksjonen. 
  2. 2,0 2,1 Norgeshistorie.no, Knut Ivar Austvoll, «Måltider og politiske allianser i bronsealderen». Hentet 9. aug. 2017.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kokegrop