Kokelv sjøsamiske museum
Kokelv sjøsamiske museum | |
Stad | Kvalsund, Hammerfest |
---|---|
![]() Kokelv sjøsamiske museum |
Kokelv sjøsamiske museum (nordsamisk Jáhkovuona Mearrasámi musea) er eit samisk museum i Kokelv i Hammerfest kommune i Troms og Finnmark. Museet ligg i Nillagården i Kokelv, eit sjøsamisk småbruk frå gjenoppbyggingstida etter andre verdskrigen. Museet består i dag av Nillágårdens bustadhus, bygd i 1950, fjøs, uthus og ein tredel av eit fellesnaust, og dessutan eit nyare museumsnaust. Nausta ligg nede på stranda i Kokelv, saman med andre naust som tilhøyrer folk i bygda.
Kokelv sameforeining blei stifta i 1983, med formål om å bevara og utvikla sjøsamisk kultur i Kokelv. For å dokumentera, sikra og synleggjera den sjøsamiske kulturen starta foreininga innsamling av gjenstandar, bilde og anna frå området. I 1991 danna foreininga Kokelv museumslag, som seinare same året grunnla stiftinga Kokelv sjøsamiske museum saman med Kvalsund kommune. I 1992 kjøpte stiftelsen Nillágården, eit nedlagt sjøsamisk småbruk. Museet har i dag utstillingar av dei innsamla gjenstandane i huset, fjøset og nausta. Gjenstandssamlinga til museet består av ei båtsamling på tolv båtar, utstyr og reiskapar tilhøyrande gardsbruk og fiske, husgeråd, og samiske klede og gjenstandar.[1]
Museet er eit av fem museum i Vest-Finnmark som inngår i stiftinga RiddoDuottarMuseat, for samiske museum og samisk kunstsamling i Vest-Finnmark. Resten av er De Samiske Samlinger og Samisk Kunstmagasin i Karasjok, Kautokeino bygdetun i Kautokeino og Porsanger museum i Porsanger.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Om museet». RiddoDuottarMuseat. Henta 11. september 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Kokelv sjøsamiske museum» frå Wikipedia på bokmål, den 22. april 2022.