Kokkolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kokkolitt er ein varietet av pyroksenmineralet diopsid. Det er oftast grønt og jernhaldig, kjent frå skarnførekomstar ved Arendal.

Innan paleontologi syner kokkolittar til ørsmå skiveforma kalkplater, som er kring 1-30 mikrometer i diameter. Desse består av minerala aragonitt eller kalsitt. Desse har vore skalet til planktonaktige flagellatar (coccolithophorider) og inngår som ein viktig bestanddel i mange bergartar, særskild kritkalkstein, og i visse typar djuphavsslam.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]