Kokosfeitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kokosnøttolje)
Herda kokosfeitt.

Kokosfeitt, kokossmør eller kokosolje er ein kvit halvfast masse laga av frøkviten i kokosnøtter, kopra. Kokosfeittet blir produsert ved pressing eller ekstraksjon av kjernen. Smeltepunktet til feittet er ca. 25 °C. Kokosfeitt blir brukt til ei rekkje ulike føremål innan næringsmiddelproduksjon og annan industri. Det er mellom anna mykje brukt til å laga margarin og såpe.

Kokosfeitt inneheld hovudsakleg glyserid av laurin-, myristin- og palmitinsyre. Vel 90 % av feittsyrene i feittet er metta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Kokospalme» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2015.
  • «Kokosfett» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kokosfeitt
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.