Kokse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei kokse bygd av Jakob Halsnes frå Halsnesset under HalsTustnaNordmøre. I bakgrunnen ser ein Solåsundet, garden Innerberg og foten av fjellet Innerbergssalen.
Foto: Olve Utne

Ei kokse (ndm. «ko’ks») eller ei prame (ndm. «pra’m») er ein liten, flatbotna robåt hovudsakleg bruka til småærend og lett transport. Typiske særtrekk inkluderer rett framstamn, akterspegl, flat botn med tverrbord og langsgåande kjøl, og eitt par tollepinnar. Lengda er gjerne kring 10–13 fot, men ei noko større og meir grovbygd utgåve for krøttertransport finst òg. Geografisk sett er koksa vanleg på Nordmøre og i Fosen (kysten av Sør-Trøndelag).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]