Kokt egg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kokte egg med ulik koketid: 4, 7 og 9 minutt frå venstre.

Kokt egg er eit egg, typisk eit hønseegg, som er tilreidd ved å koka det ei viss tid medan det framleis er i skalet. Ein koker som regel egg i kokande vatn. Ein kan også tilreia heile egg i varmt vatn som ligg under kokepunktet, eller ved å dampa dei.

Metodar[endre | endre wikiteksten]

Konsistens Koketid
Blautkokt 3–5 minutt
Smilande 6–8 minutt
Hardkokt 8–10 minutt

Ulike koketider gjev ulik konsistens på eggekvita og plomma. Egg med kort koketid og litt flytande indre blir kalla blautkokte, medan egg med lengre koketid og fast indre blir kalla hardkokte. Egg med koketid midt imellom som har stivna kvite og blaut plomme kan ein kalla «smilande egg».[1][2][3]

Egg i romtemperatur kan leggjast rett i kokande varmt vatn, medan kalde egg frå kjøleskapet bør leggjast i kaldt vatn for å hindra sprekking. Koketida tel frå vatne byrjar å koka. Særleg for kalde egg kan det vera lurt å stikka eit hol i skalet med ein eggestikkar, slik at lufta kjem raskt ut av egget under kokinga. Etter at kokinga er over bør ein avkjøla egga med kaldt vatn for å stoppa kokeprosessen. For lang koking kan gje ein grøn ring mellom eggeplomma og -kvita,[2] danna som ein reaksjon mellom jern og svovel i egget.[3]

Hardkokte egg kan oppbevarast i ei veke eller opptil to-tre veker i kjøleskap.[4][5][6][7] Dei kan også syltast.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kokt egg i kaolao, ei thailandsk suppe.

Kokt egg kan vera ein rett i seg sjølv, og er vanleg å eta til frukost. Ein kan servera det i eit eggeglas som held det opprett og eta det med ei særskild utforma eggeskei. Hardkokte egg kan skrellast og serverast eller oppbevarast utan skal. Eit hardkokt egg kan delast i skiver med ein eggedelar. Blautkokte egg kan også hellast utav skalet og serverast med sausar eller krydder, som soyasaus eller pepar i søraustasiatisk mattradisjon.

Kokte egg kan også vera ein ingrediens i andre rettar, som smørbrød, scotch egg og deviled egg, salatar som eggesalat, gado-gado og salade Niçoise, sausar som sauce gribiche, Cambridge sauce eller Thousand Island-dressing og i ulike supper og karrirettar.

Egg kan kokast saman med smaks- og fargetilsetjingar som dei tek opp gjennom det porøse skalet, som kinesiske te-egg eller taiwanske jernegg. Dei kan også syltast, til dømes saman, raudbete, som gjev ein sterk rosa farge til egget. Kuro tamago er ein japansk variant av kokt egg som blir kokt i varme kjelder, og utviklar eit svart eggeskal.

Kokte egg er ei tradisjonell form for påskeegg, ettersom ein gjerne sparte opp og kokte egg frå fastetida og sparte dei til påske.[8]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hvordan koke egg», www.matprat.no (på bokmål), henta 21. juli 2019 
  2. 2,0 2,1 «Slik blir du en mester på å koke egg», Mills AS (på bokmål), 16. mars 2017, henta 21. juli 2019 
  3. 3,0 3,1 «Slik koker du egg | Meny.no», www.meny.no (på bokmål), henta 21. juli 2019 
  4. «Learn More About Eggs». Arkivert frå originalen 2008-08-22. Henta 19. desember 2006. 
  5. «Egg-ucation». Henta 19. desember 2006. 
  6. «About Eggs». Arkivert frå originalen 2006-11-07. Henta 19. desember 2006.  – suggests boiled eggs can be stored refrigerated 2–3 weeks
  7. «Shell Eggs from Farm to Table». Fact Sheets: Egg Products Preparation. United States Department of Agricultural Food Safety and Inspection Service. 20. april 2011. Arkivert frå originalen 2013-01-26. Henta 12. januar 2013. When shell eggs are hard cooked, the protective coating is washed away, leaving bare the pores in the shell for bacteria to enter and contaminate it. Hard-cooked eggs should be refrigerated within 2 hours of cooking and used within a week. 
  8. Simpson, Jacqueline; Roud, Steve (1. januar 2003). «Easter eggs» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780198607663. doi:10.1093/acref/9780198607663.001.0001/acref-9780198607663-e-300.