Kolbein Haga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Müllemmer.pngFøreslått sletta: Denne artikkelen er føreslått sletta av di han: Ingen kjelder, tydelegvis skriven av personen det gjeld, følgjer ikkje wikiformatering og kan vera kopiert frå ei anna kjelde. Du kan diskutera dette på diskusjonssida.
Ved schnitgerorgelet i Martinikerk, Groningen. Foto: Bjørn Andor Drage

Kolbein Haga (fødd i 1952 i Stavanger) er ein norsk kantor, (konsert)organist og fyrsteamanuensis emeritus i orgel- og kyrkjemusikk. Han er heiderslem av Norsk orgelfestival, fri kunstnar, orgelkonsulent og rådgjevar for kyrkjemusikk.

Studiar[endre | endre wikiteksten]

Haga vart utdanna som kantor og organist med Bjørn Boysen som orgellærar ved Noregs musikkhøgskule i Oslo, og fortsette utdanninga med Finn Viderø, som dansk statsstipendiat i solistisk orgelspel ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København. Studiene blei avslutta med solistdebutar i København og Oslo på hausten 1976. I Oslo fann debuten stad iDomkyrkja i 5. oktober 1976.

Med hjelp av statlege og andre offentlege stipendium har han gjennomført improvisasjonsstudier med Johannes Ernst Köhler ved Hochschule für Musik Franz Liszt Weimar, i det som då var DDR.

Arbeidsliv[endre | endre wikiteksten]

Kolbein Haga har vore organist og kantor i Den norske kyrkja i 25 år, mellom anna i Sandnes kyrkje frå 1977.

Kolbein Haga er fyrsteamanuensis i orgel- og kyrkjemusikk ved Rogaland musikkkonservatorium, seinare ein del av Universitetet i Stavanger, og har vore medansvarleg for kyrkjemusikarutdanninga der i 20 år. Han har hatt ei lang rekkje oppdrag som orgelbyggkonsulent, som rådgjevar vedrørande kompetanseevaluering og kyrkjemusikkspørsmål på eit breidt område. Kolbein Haga har vore kunstnarleg og administrativ leiar for Norsk orgelfestival frå 1990 til 2015. Vidare har Haga arbeidd som prosjektleiar for kyrkjemusikk og rekruttering i KA Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon, sentralt i Den norske kyrkja.

Kolbein Haga har gitt konsertar og gjort radio- og plateinnspelingar i Norden, Baltikum, Sveits, Nederland, Storbritannia og Tyskland.

Som utøvar har han profilert seg som tolkar av eldre musikk med vekt på den nordtyske orgelbarokken og Bach, samt nordiske komponistar frå våre hundreår.

I 1985 framførde Haga Bachs samla orgelverk over 15 konserter i St. Petri kyrkje, Stavanger. I 1987 framførte han det meste av Buxtehudes orgelverk over 7 konsertar i St. Svithun katolske kyrkje i Stavanger. Vidare har han urframførd ei rad tingingsverk frå nordiske komponistar.

Profesjonelt er han tilknyttta Creo – forbundet for kunst og kultur (tilslutta Landsorganisasjonen i Noreg (LO)). Norsk Tonekunstnersamfund og Norsk orgelkonsulentforening, assosiert med KA, arbeidsgjevarorganisasjon for kyrkjelege verksemder.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Bachverk på historiske orgel eller replika av slike
  • PSC 1038 frå Christian Müllers opus optima i Amsterdams Waalse Kerk,
  • PPC 9032, frå St. Svithun, Stavanger doms Reil opus I,
  • PPC 9038, frå Godtfred Silbermanns opus optima i Freibergs (Sa.) Petri-Kirche,
  • EUCD 89 / ISRC NOMVA 1689, frå schnitgerorgelet i Groningens Martinikerk,
  • EUCD 110 / ISRC NOMVA 1710, dobbel-CD frå Stavanger doms Reil opus II, saman med Ivar Mæland på ahrendorgelet i Udland kyrkje, Haugesund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bognø, Åge (red.): Festskrift ved 100 års jubileet for Sandnes kirke, s. 26. [Sandnes] : [Menighetsrådet], 1982.
  • Debut i Oslo 1976: Annonse på side 8 i Morgenbladet, 5. oktober 1976.
  • Kolbein Haga hjå orgelkonsulent.no, vitja 24. juni 2020.