Kolbeinstveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolbeinstveit

Kolbeinstveit er eit bygdetun i Suldal kommune, administrert som museum av Ryfylkemuseet. Husa på garden er frå kring 1850, medan det tilflytta Guggedalsloftet er datert til 1281.

Kolbeinstveit høyrde til i si tid ordføraren og stortingsrepresentanten Lars O. Kolbenstvedt. Sonen Njeld Kolbenstvedt, som overtok garden, var òg stortingsmann og ordførar. Han overlét garden igjen til Lars N. Kolbenstvedt. I dag er museet ope heile sommarsesongen.

Kolbeinstveit er ein museumsgard som ligg langs riksveg 13 om lag fem km aust for Suldalsosen. Garden blir drive som eit levande museum, med vertskap, utstillingar, aktivitetar, dyrehald og servering av tradisjonskost.

«Garden og folka» er ei utstilling som fortel om dei som har levd på Kolbeinstveit, og korleis dei har brukt husa og utnytta ressursane på garden.

Det blir kvar sommar arrangert salsutstilling med kunst og handverk og det vert halde aktivitetsdagar og konsertkveldar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]