Kolbeinsvarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolbeinsvarden
Foto: Cavernia

Kolbeinsvarden er det høgaste punktet på Askøy. Toppen med varde er 231 moh.

Fjelltoppen er tilgjengeleg frå mange startstader på Askøy. Ei mogleg turrute går frå sekundærstasjonen bak Kleppe skule på Kleppe, her er det gode høve for parkering på området og med Askøy Senter like ved. Herfrå går ein rundt Kleppevatnet på sti/bruer med god merking før turen byrjar oppover i retning Kolbeinsvarden. På vegen passerer ein gamle torvhus og sildrande bekker. Turen passar for barnefamiliar og større born. Frå toppen er det eit vidt utsyn mot Øygarden, Nordhordland og mot Bergen i søraust.