Kolbjørn Almlid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolbjørn Almlid
Fødd2. juni 1945 (78 år)
Beitstad
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, skuleleiar, forretningsdrivande
Utdanna vedBodø lærerhøgskole
BarnOle Erik Almlid
Alle verv
  • statssekretær (Olje- og energidepartementet, 1989–1990)
  • vararepresentant til Stortinget (1989–1993)
  • fylkesordførar i Nord-Trøndelag (1992–1995) Sjå dette på Wikidata

Kolbjørn Almlid (fødd 2. juni 1945) er ein norsk næringslivsleiar og politikar for Senterpartiet. Han kjem frå Verran kommune i Nord-Trøndelag og arbeider i dag (2009) som seniorrådgjevar i Innovasjon Norge. Almlid har tidlegare vore divisjonsdirektør i same føretak og direktør i Statens nærings- og distriktutviklingsfond Nord-Trøndelag, før dette gjekk inn i Innovasjon Norge.

Almlid er utdanna adjunkt med faga engelsk og historie frå Bodø lærerskole. Frå 1989 til 1995 var han skulesjef i Verran kommune, og frå 1995 til 1996 assisterande rådmann. Før det arbeidde han som lærar og undervisningsinspektør. I regjeringa Syse (1989–1990) vart han utnemnd til statssekretær i olje- og energidepartementet. Han var vararepresentant til Stortinget for Nord-Trøndelag i perioden 1989–1993, og frå 1991 til 1995 var han fylkesordførar i Nord-Trøndelag fylkeskommune. I tillegg har han vore leiar for Senterpartiet i Nord-Trøndelag og medlem av sentralstyret i partiet, forutan at han har vore med i både kommunestyre og fylkesting i høvesvis 12 og 14 år.

Kolbjørn Almlid har sete i ei rekkje styre, og er i dag (2009) styreleiar i Helse Midt-Norge. Tidlegare har han mellom anna vore styreleiar i Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk og styremedlem i Vinmonopolet. Han har også vore med i fleire offentlege utval, mellom desse «Hellandsvik-utvalet» (Utvalg for utredning av statlig overtakelse av regionsykehusene).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]