Hopp til innhald

Kolbjørn Gåsvær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolbjørn Gåsvær
StatsborgarskapNoreg
Fødd1. februar 1926
Jøa
Død

30. juni 2012 (86 år)
Jøa

Yrkepolitikar, lærar
Politisk partiVenstre
PrisarNord-Trøndelag fylkes kulturpris

Kolbjørn Gåsvær (fødd 1. februar 1926 Jøa, død 30. juni 2012 på Jøa) var ein norsk lærar, Duun-formidlar og kulturarbeidar.

Gåsvær var fødd på Jøa i Fosnes kommune, Nord-Trøndelag. Han var utdanna lærar frå Levanger lærerskole (1950), og studerte seinare ved Universitetet i Trondheim og Danmarks lærerhøjskole, København. Han arbeidde som lærar i over 40 år, i Salsnes, Lesja, Namsos og Jøa.

Han var redaktør for Årbok for Namdalen i tolv år. Som lærar og sambygding arbeidde han mykje med å formidle Olav Duun si dikting. Han var med på å starte Olav Duun-stiftinga i Namdalen i 1996, og var redaktør av medlemsbladet. For allsidig kulturarbeid, med vekt på innsatsen for Duun, vart han tildelt Naumdøla Mållags målpris, Nord-Trøndelag fylkes kulturpris og Fosnes kommunes kulturpris.

Kolbjørn Gåsvær har skrive kronikkar, dikt og anna til ulike aviser og tidsskrift. Han var konsulent for TV-serien Medmenneske, har skrive teaterstykket Overhallsrevolusjonen for Overhalla historielag og vore skodespelar i Trygve Hoffs HerlaugsspelLeka i fem år. Han var òg fylkestingsrepresentant i tolv år.

  • Denne artikkelen bygger på «Kolbjørn Gåsvær» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mai 2013.
  • En vandring i Olav Duuns rike : Olav Duun: "Landet i eventyret". Utgitt av Nord-Trøndelag fylkeskommune, 1996. 19 s. (Òg på engelsk og tysk)
  • Gjetarliv : 70 gamle gjetarar fortel. Jøa, 1996. 56 s.
  • Hilderøya og Øyværet, Olav Duun og Gjæslingan. Jøa, 1999. 43 s.
  • Norart 17 artiklar frå Årbok for Namdalen
  • Minneord i Trønder-Avisa 4. juli 2012