Kolbjørn Stordrange
Kolbjørn Stordrange | |
Fødd | 27. september 1924 Nes kommune |
---|---|
Død | 18. november 2004 (80 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, bonde, rektor |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Barn | Bjørn Stordrange |
Alle verv |
|
Kolbjørn Stordrange (27. september 1924–18. november 2004) var ein gardbrukar, skulemann og politikar frå Nes i Vest-Agder. Han representerte Høgre på Stortinget frå 1965 til 1977.
Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]
Stordrange hadde examen artium frå 1945 og pedagogisk eksamen frå 1956, og var cand.philol. frå 1954. Han var gardbrukar på farsgarden Stordrange i Nes frå 1947, lærar ved Ringards realskule 1948–53, lektor ved Flekkefjord høgre skule frå 1955, og til sist rektor ved Flekkefjord gymnas 1979–91.
Stordrange var medlem av heradsstyret i Nes 1956–1964, varaordfører 1960–63. Etter at Nes vart slått saman med Flekkefjord i 1965, var han medlem av Flekkefjord bystyre 1965–95. Han vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1994. For sine 40 år som kommunestyremedlem fekk han i 1995 Kommunenes Sentralforbund sitt heidersteikn.
Frå hausten 1965 møtte Stordrange, som fyrste vararepresentant, fast på Stortinget frå Vest-Agder og Høgre, då den valde representanten Sverre Walter Rostoft i heile perioden var industriminister i Borten-regjeringa. I 1969 tok Stordrange over fyrsteplassen for Vest-Agder Høgre, og vart vald inn på Tinget i 1969 og attvald i 1973. Gjennom dei tre valbolkane var han;
- 1965–1969 medlem i Protokollkomiteen
- 1969–1973 medlem i Landbrukskomiteen
- 1973–1977 medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen