Kolbjørn Varmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kolbjørn Varmann
Fødd 23. desember 1904
Død

13. august 1980

Kolbjørn Sigurd Verner Varmann (23. desember 190413. august 1980) var ein norsk prest, Ap-politikar og skolemann, bror av Hildur Os.

Han vart kjent for etableringa av Kjøpsvik skole før og under andre verdskrigen. Han var òg ordførar i Tysfjord mellom 1945 og 1955.

Kolbjørn Varmann sat på Stortinget for Nordland mellom 1950 og 1965.

Han var statsråd og sjef for Samferdsledepartementet (samferdsleminister) i Einar Gerhardsen si tredje regjering frå 1955 til 1960.

Han var fylkesmann i Finnmark frå 1963 til 1973.

Kolbjørn Varmann fekk Petter Dass-medaljen i 1973.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]