Kolesterol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturformel for kolesterol

Kolesterol er eit lipid (feittstoff) som finst i alle animalske celler. Namnet kjem frå gresk chole, som betyr 'galle', og stereos, 'fast'; då ein fyrst identifiserte stoffet, var det i fast form i gallesteinar. Det kjemiske suffikset -ol står for at stoffet er ein alkohol.

Fysiologi[endre | endre wikiteksten]

Kolesterol er ein sterol (undergruppe av steroid) som hovudsakleg blir syntetisert i levra. Det er ein viktig byggestein for alle cellemembranar og forløpar for kjønnshormon, binyrebarkhormon, gallesalt og vitamin D. Sjølv om kolesterol kan syntetiserast av kroppen sine eigne celler, blir det òg tatt opp noko frå kosten.

Kolesterol er nærast uløyseleg i vatn, og følgjeleg òg i blodet. For at kolesterol skal kunna transporterast rundt i kroppen blir det derfor pakka inn i såkalla lipoproteinpartiklar. Desse har vassløyseleg overflate danna av fosfolipid og protein (apolipoprotein) og ein hydrofob kjerne beståande av esterifisert kolesterol og triglyserid. Dei mest kolesterolrike av lipoproteinpartiklane er low-density lipoprotein (LDL), og desse inneheld 70 % av kolesterolet i blodet. LDL-kolesterolet blir ofte referert til som «det dårlege kolesterolet» fordi forhøga konsentrasjon av LDL-kolesterol er ein viktig risikofaktor for hjarte- og karsjukdom.[1]

Arv og miljø[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire former for arveleg høgt kolesterol. Den vanlegaste av desse er familiær hyperkolesterolemi (FH) som kjem av mutasjonar i LDL-reseptor-genet.[2] LDL-reseptorene har som oppgåve å fjerna kolesterolhaldige LDL-partiklar frå blodet, og når desse ikkje fungerer optimalt, vil LDL-kolesterolnivået i blodet bli forhøga. Det er anslått at ca. 1/300 nordmenn har FH.[3]

I tillegg til arvelege forhold, har kosthaldet innverknad på kolesterolnivået i blodet. Nikolaj Anitschkow framkalla i 1913 aterosklerose hjå kaninar med store dosar kolesterol i fôret, noko som førte til ei vidstrekt oppfatting om at kolesterolrik mat som egg, raudt kjøt og skaldyr bidrar til åreforkalking (aterosklerose). Kaninar er likevel planteeterar og har ikkje eit stoffskifte som kan handtera kolesterol, og når forsøket blei gjentatt med hundar (som også et kjøt som mennesket), såg ein ikkje lenger denne samanhengen. Ancel Keys som i 1952 uttalte at det var overveldande bevis («overwhelming evidence») for at mykje kolesterol i kosten fører til høgt kolesterol i blodet, endra etter eigne studiar oppfatting og uttalte i 1955 at «kolesterol i maten har inga tyding for kolesterol i blodet». I 1953 presenterte Ancel Keys sin Six-Country Study der han samanlikna statistikk frå seks forskjellige land og viste ein «assosiasjon» mellom aukande feittinntak og auka førekomst av dødsfall grunna hjartesjukdom. Denne studien blei kritisert av Yerushalmy og Hilleboe som meinte at det gjaldt statistikk frå 22 land, og at Keys hadde plukka ut berre seks land som bekrefta antaking hans om samanheng mellom feitt i kosten og aterosklerose («cherry picking»). Dei publiserte ein alternativ statistikk i 1957 som inneheldt alle 22 land og som viste betydeleg svakare assosiasjon med hjartesjukdom. Ancel Keys følgde opp med den første internasjonale epidemiologiske undersøkinga i historia - The Seven Countries Study - publisert for første gong av American Heart Association i 1970 - og som viste ein tydeleg assosiasjon mellom høgt inntak av metta feitt, høgt kolesterolnivå i blodet og høg døying av hjarte- og karsjukdommar. The Seven Country Study blei seinare brukt som eit av dei viktigaste grunnlaga for oppmodingane til mynden om å redusera feittinntaket i slutten av 1970-åra.

Ei rekke uavhengige forskarar har seinare kritisert The Seven Country Study, mellom anna fordi Ancel Keys igjen berre hadde plukka ut land som bekrefta hypotesen hans. Han hadde til dømes ikkje inkludert Frankrike, med høgt inntak av metta feitt i kosten og samtidig veldig låg førekomst av hjartesjukdom. Det blei òg påpeika at studien berre viste ein «assosiasjon» og at assosiasjon ikkje er det same som årsak. Ved gjennomgang av resultata frå The Seven Country Study i etterkant fann ein at sukker hadde endå sterkare assosiasjon med hjartesjukdom.[4] Ei rekke uavhengige forskarar har sidan kritisert kolesterolhypotesen («The Diet Heart Hypothesis») som hevdar ein samanheng mellom metta feitt i kosten, høgt blodkolesterol og åreforkalking med auka risiko for hjarteinfarkt og hjerneslag, og hevdar at denne hypotesen aldri har blitt bevist.[5] Transfeitt aukar òg LDL-kolesterolet i blodet, medan fiber og plantesterolar har ein gunstig effekt på kolesterolnivået. I ein gjennomgang av tal frå WHO der ein såg på inntaket av metta feitt i 14 land, viste resultata at landa med lågast inntak av metta feitt hadde betydeleg høgare dødsrate enn kvar enkelt av dei sju landa med høgast inntak av metta feitt.[6]

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Chiafrø er rik på omega 3

Såkalla livsstilsfaktorar påverkar kolesterolnivået. For personar med høgt kolesterol anbefaler ein til dømes røykeslutt, auka fysisk aktivitet, avgrensa alkoholinntak, kosthaldsmedvit og vektkontroll. I kontrollerte forsøk har kosthaldsendringar åleine gitt opptil 15 % reduksjon i kolesterolnivået.[7]

Statinar er den vanlegaste forma for kolesterolsenkende legemiddel. Desse verkar ved å redusera cellene sin eigen produksjon av kolesterol ved å inhibera enzymet HMG-CoA reduktase. Når cellene ikkje er i stand til å produsera kolesterol sjølv, aukar dei i staden opptaket av kolesterolhaldige LDL-partikler frå blodet. Ein moderat dose statin kan redusera LDL-kolesterolet med 30 %.[8]

Andre legemiddel som blir brukte for å redusera kolesterolnivået er middel som aukar utskilling av gallesyre (kolestyramin, kolestipol og colesevelam), kombinasjonspreparat med omega-3-triglyserid, og ezetimib.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (Kannel et al., 1961).
  2. (Goldstein et al., 2001)
  3. (Leren et al. 2004)
  4. Nina Teichholz (2014): The Big Fat Surprise. Why butter, meat & cheese belong in a healthy diet.
  5. Jf. THINCS - The International Network of Cholesterol Skeptics - for meir informasjon.
  6. (Kendrick 2008).
  7. Tang JL, Armitage JM, Lancaster T, Silagy CA, Fowler GH, Neil HA (1998). «Systematic review of dietary intervention trials to lower blood total cholesterol in free-living subjects». BMJ 316 (7139): 1213–20. PMC 28525. PMID 9552999. doi:10.1136/bmj.316.7139.1213. Henta 4. november 2010. 
  8. (Edwards and Moore, 2003).
  9. «ATC-register: C10A» (på norsk). Felleskatalogen AS. Henta 21. mai 2013. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kannel WB, Dawber TR, Kagan A, Revotskie N, Stokes JI. Factors of risk in the development of coronary heart disease-- six year follow-up experience; the Framingham Study. Ann.Intern.Med. 1961;55:33-50.
  • Goldstein JL, Hobbs HH, Brown MS. Familial hypercholesterolemia. In: The metabolic and molecular bases of inherited disease, edited by Scriver,C.R., Beaudet,A.L., Sly,W.S., Valle,D. New York: McGraw-Hill, 2001;2863-2913.
  • Keys A, Aravanis C, Blackburn HW, Van Buchem FSP, Buzina R, Djordjevic BS, Dontas AS, Fidanza F, Karvonen MJ, Kimura N, Lekos D, Monti M, Puddu V, Taylor HL. Epidemiologic studies related to coronary heart disease: characteristics of men aged 40-59 in seven countries. Acta Med Scand 1967 (Suppl to vol. 460) 1-392.
  • Leren TP, Manshaus T, Skovholt U, Skodje T, Nossen IE, Teie C, Sorensen S, Bakken KS. Application of molecular genetics for diagnosing familialhypercholesterolemia in Norway: results from a family-based screening program. Semin.Vasc.Med 2004;4:75-85
  • Edwards JE, Moore RA. Statins in hypercholesterolaemia: a dose-specific meta-analysis of lipid changes in randomised, double blind trials. BMC Fam Pract. 2003;1;4:18
  • Kendrick M. The Great Cholesterol Con, John Blake Publishing Ltd., London, 2008;6:88-89