Kolhapur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Djyotiba-tempelet i Kolhapur.

Kolhapur er ein by i Maharashtra i India med rundt 485 000 innbyggjarar (2001). Han ligg 29 mil søraust for Mumbai. Kolhapur er eit handels- og kultursenter som har tekstil-, keramikk- og tobakksindustri.

Fram til 1949 var byen hovudstad i fyrstestaten Kolhapur. Han er sete for Shivaji-universitetet, grunnlagd 1962.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Kolhapur» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. februar 2014.
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.