Kolorimeter for fargeavgjersle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit kolorimeter er eit apparat for å avgjere fargar. Det finst to hovudtypar kolorimeter.

Med visuelle kolorimeter nyttar ein standardiserte lyskjelder i saman med fargefilter for å få ein samanlikningsfarge som er mest mogeleg lik fargen ein skal finne. Denne metoden er derimot avhengig av personen som gjer undersøkinga, sidan to fargar kan oppfattast ulikt av to personar.

Med spektrofotometer kan ein finne fargen av eit stoff ved å lyse på det med reine spektralfargar frå heile spekteret. Ved hjelp av refleksjonsevnen med fotoelektriske måleapparat kan ein rekne seg fram til kva farge det er snakk om.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]