Kolsåsbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørnsletta stasjon på Kolsåsbanens strekning i Oslo etter ombygginga av banen til full T-banestandard.
Kolsåsbanen ved Valler haldeplass i Bærum i 2006.
Kolsbanen med ei av dei djupblåe forstadsbanevognene på Kolsås haldeplass i 1943, endehaldeplassen i Bærum. Vognene vart ofte kopla saman to og to og køyrde som tog. Billettar vart selde av særskilde billettørar inne i kvar vogn, som òg gav klarsignal til føraren om å køyre ved å dra i ei snor festa oppunder taket i vogna. Inngangen var på midten, og i si tid var eine halvparten av vogna for røykarar, den andre for ikkje-røykarar.

Kolsåsbanen, med endestasjon på Kolsås i Bærum kommune, er den eine av dei to T-banelinjene i Oslos T-banenett i Oslo som går inn i denne grannekommunen og såleis òg kryssar fylkesgrensa mellom fylka Oslo og Akershus. Den andre av dei to linjene er Røabanen til Østerås i Bærum.

Kolsåsbanen har vore under stegvis utbygging til full T-banestandard frå 2006, og vart opna for vanleg trafikk heilt fram til Kolsås 12. oktober 2014. Banen har difor vore stengd mykje av denne tida, men vart opna som fullverdig T-bane på dei delane av strekninga som etter kvart stod ferdige utover mot Kolsås, med etappen mellom Haslum og Kolsås som den siste.

Trikk på haldeplassen for bytrikken på Jar, på den strekninga av Kolsåsbanen der T-banen og bytrikken nytter same skjenegangen. T-banelina er dei to spora i midten, med straumskjene langsetter.

Den opphavlege Kolsåsbanen vart til som forstadsbane i 1942 ved at trikkelinja Bærumsbanen, som var knytt til trikkenettet i Oslo over Skøyen, òg vart knytt til Røabanen ved ei linje som vart bygd mellom Jar haldeplass på Bærumsbanen i Bærum og dåverande Sørbyhaugen haldeplass på Røabanen i Oslo. Etter dette kunne strekninga frå Kolsås til Nationaltheatret undergrunnsstasjon i sentrum av Oslo trafikkerast med tyngre og større forstadsbanevogner. I 1995 vart Kolsåsbanen ein av T-banelinjene i Oslos T-banenett, til liks med Røabanen og Holmenkollbanen, etter at felleslinja i tunnel frå Majorstuen til Stortinget T-banestasjon via Nationaltheatret stasjon vart knytt til T-banelinjene mot aust på Stortinget stasjonen, etter at denne stasjonen hadde vore overgangsstasjon mellom dei vestlege forstandsbanane og dei austlege T-banene ei tid. Frå då av kunne Kolsåsbanen trafikkerast av vogner som vart utstyrte til både å gjere seg nytte av straumskjenene på dei austelege banane og luftleidningane som Kolsåsbanen framleis hadde frå gamalt av på denne tida.

Før det vart vedteke å byggje om den gamle og nedslitne Kolsåsbanen til full T-banestandard, og såleis kvitte seg med både luftleidningar og planovergangar, vart det i fleire år diskutert både om ein skulle gå attende til drift med vanleg bytrikk over Lilleakerbanen og Skøyen, eller leggje ned Kolsåsbanen for godt. Mellom Bekkestua og Kolsås vart banen faktisk lagd ned 1. juli 2003, med drifta teke opp att 22. november 2004 etter kraftige protestar mot nedlegginga. Heile Kolsåsbanen vart teke ut or drift att 1. juli 2006, men no for å byggjast om til T-banestandard, ei ombygging som har drege ut i mange år. Det er Akershus fylkeskommune som har å gjere med Kolsåsbanen innanfor Bærums grenser.

På strekninga mellom Jar og Bekkestua nytter bytrikken på Lilleakerbanen same lina som T-banen, men med haldeplassar på eige sideliner med eigne plattformer på Jar og på Bekkestua. På denne strekninga er det både straumskjene for T-bana og master med luftleidning for trikken.

Avløs base[endre | endre wikiteksten]

Ved Avløs haldeplass på Kolsåsbanen i Bærum, der Bærumsbanen/Kolsåsbanen hadde sine verkstadar i si tid, vart det i 2015 opna ein nybygd base for T-banedrifta. Basen er eit viktig element i utbygginga av Kolsåsbanen, og har fire hallar for oppstalling, innvendig vasking, service og vedlikehald av T-banevogner, og dessutan utandørs sporområde. Den gamle T-baneverkstaden på Majorstuen stasjon i Oslo vart nedlagd samstundes som basen på Avløs vart teke i bruk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bærumsbanen