Hopp til innhald

Kolsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolsporv
Kolsporv
Kolsporv
Utbreiing
Utbreiinga av Kolsporv
Utbreiinga av Kolsporv
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Busksporvfamilien Emberizidae
Slekt: Rhopospina
Art: Kolsporv R. carbonaria
Vitskapleg namn
Rhopospina carbonaria

Kolsporv (Rhopospina carbonaria) er ein fugleart i tanagarfamilien Thraupidae. Han er endemisk for Argentina der han lever innanfor økoregionane argentinsk monte, chaco og nordvestlege patagoniasteppa.

Kolsporven er ca. 14,5 cm lang og veg ca. 17 gram. Halen er relativt lang. Hannane har svartgrå fjørdrakt som blir slitene til å bli meir svart, med brune nyansar på ryggen. Ansiktet og undersida er svartaktige, og nebbet er langt, tjukt og knallgult. Hoene er brungrå med striper over kroppen og har lysare underside. Nebbet er gulaktig, men mindre markant enn hos hannane.[1] Ungfuglar liknar på hoene, men med gradvis meir svart på hals og bryst etter kvart som dei modnast.[2]

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Denne arten er endemisk til Argentina og har hekkeområde i nordlegaste patagoniasteppa og i argentinsk monte, det vil seie provinsane Córdoba og Mendoza i nord til Chubut i sør. Utanom hekketida trekkjer mange nord og inn i chaco, i provinsane Tucumán, sørlegaste Salta og Santiago del Estero.[1][2]

Hekkehabitatet er i buskaktig steppe og dei finnast elles i opne buskhabitat, skogkantar og grassletter i monte. Tettleiken kan variere avhengig av årstid og lokal nedbør.

Kolsporven er dels ein trekkfugl, men rørslemønstra er uklåre.

Åtferd og føde

[endre | endre wikiteksten]

Kolsporven eit hovudsakleg grasfrø og dessutan leddyr, som er viktigare i hekkesesongen. Dei beitar på bakken og er sosial utanom hekketida, då dei ofte sest i små flokkar.

Hekkesesongen varer frå oktober til februar. Hannen utfører songflukt ved å stige opptil ca. 15 meter og deretter gli ned medan han syng ei høg, surrande trille. Reiret som er plassert lågt, er konstruert av tørt gras. Kullet er typisk av tre egg.

Songen til kolsporven er ei høglydt, summande trille som varer i cirka to sekund og ofte blir framført i samband med flygeoppvisingar.

  • Jaramillo, A. (2021). Carbonated Sierra Finch (Rhopospina carbonaria), version 1.1. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.casfin1.01.1
  1. 1 2 Ridgely, R.S. and Guy, T. (1989). The Birds of South America: Volume 1: The Oscine Passerines. University of Texas Press. s. 443. ISBN 9780292707566.{{cite book}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  2. 1 2 Jaramillo, A. (2021)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kolsporv