Kolsruden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kolsrudspringaren eller Kolsruden har namnet sitt etter spelemannen Ole Kolsrud frå Heddal (1827-1902). Slåtten er og kalla Tømmerkøyraren eller Nitjan hundre og fem. Slåtten finst i variantar i Telemark, Numedal og Hallingdal, og er nytta som danseslått i desse dalføra. I Hallingdal har slåtten vore spela av Tor Grimsgard frå Nes, og Sevat Sataøen etter han. Namnet Kolsruden følgjer tradisjonslina i austre Telemark.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

I den mest einfelte utforminga har springaren berre to vek, med noko fri utforming av taka i det første veket. Telemarksformene bryt desse opp i klåre totaktsperiodar, særskild formene etter Olav Groven og Svein Løndal. Etter alt å døme har Ole Kolsrud opphavleg bygd ut slåtten frå ei eldre form som fanst i Hovin og Numedal på hans tid. Det er dei største formene av slåtten som ber namn etter han. Kjerneområdet for slåtten har truleg vore Flesberg, og herifrå har springaren spreidd seg frå tidleg på 1800-talet.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har slåtten lista opp som nr 518.

  • i: Kolsrudspringaren, etter Kjetil Løndal, Tuddal [9][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Løndal lærte slåtten av Anund Haugan, Heddal. Slåtten er i bein tradisjon etter Ole Kolsrud. Til slåtten høyrer stevet Lite kåt gut, lite lystig gut, lite jentegalen skjemmer ingen ut.