Koltsjakøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koltsjak er ein del av Kamennyjeøyane

Koltsjak (russisk остров Колчака; Ostrov Koltsjaka) er den tredje største øya i Kamennyjeøyane. Ho ligg i Karahavet nær kysten av Tajmyrhalvøya, om lag 30 km frå kysten. Vintrane er lange, kalde og bitre, og det omliggande havet er isdekt om lag ti månader av året.

Øya er kalla opp etter Aleksandr Koltsjak, som oppdaga ho og utforska ho. Han var med på Eduard Toll sin ekspedisjon i Arktis i 1900, der ein utforska lite kjende øyar i Karahavet.

Koltsjakøya vart først teikna ned på kart i 1901. I 1937 gav sovjetiske styresmakter ho namn etter Stepan Rastorgujev og i eit par tiår var det to Rastorgujevøyar i Karahavet. 23. august 2005 vart det tidlegare namnet på øya gjeninnsett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 73°57′N 84°09′E