Koma i optikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koma i ei enkel linse.

Koma i fysikk er ein vanleg avbildlingsfeil ved linser. Det syner seg ved at eit punkt som ligg litt utanfor den optiske aksen til linsa blir avbilda med ein kometliknande hale. Koma kjem av at ulike område av linsa gjev ulik forstørring. Tenkjer ein seg linsa delt opp i sirkulære soner, vil berre den sentrale sona avbilde punktet optisk korrekt. Dei øvrige sonene vil kvar for seg avbilde punktet som ein sirkulær flekk utanfor det korrekte biletpunktet. Den perifere sona gjev størst avvik.

Viss dei perifere sonene gjev større forstørring enn den sentrale, blir koma rekna som positiv. Halen peikar då bort frå aksen. Tilsvarande tyder negativ koma at dei perifere sonene forstørrar mindre enn den sentrale.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]