Komagelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Komagelva
elv
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Middelvassføring 8,49[1] /s

Komagelva
70°14′29″ N 30°31′25″ E

Komagelva (nordsamisk Stuorrajohka[2], i øvre delar Guovžagurjohka og Guovdavákkejohka) er ei elvVarangerhalvøya som renn gjennom kommunane Vardø og Vadsø i Finnmark-delen i Troms og Finnmark fylke. Ho er om lag 45 km lang og har eit nedbørsfelt på 337 km². Elva spring ut inne på Varangervidda sør for Skipskjølen, og munnar ut i Varangerfjorden ved Komagvær i Vardø kommune.[3]

Komagelva er kjend som ei god lakseelv.[3]

Vassdraget blei verna mot kraftutbygging i Verneplan I for vassdrag i 1973.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «NVE Atlas». Vassdrag – Nedbørfelt – Nedbørfelt til hav. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 8. november 2015
  2. «Komagelva». Faktaark. Kartverket. Henta 25. oktober 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Komagelva» i Store norske leksikon, snl.no.
  4. «239/1 Komagelva (Storrajohka)». nve.no -> Vann, vassdrag og miljø -> Verneplan for vassdrag. Norges vassdrags- og energidirektorat. 28. juni 2017. Henta 22. juli 2017.