Komi-grammatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Komi-grammatikk presenterer den grammatiske strukturen til det permiske språket komi.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Komi har sju vokalar, vist med IPA-symbol og bokstavar frå rettskrivinga. Lengd er ikkje distinktiv.

Fremre Midtre Bakre Fremre Midtre Bakre
Høge i ʉ u и ы у
Midtre e ə o е ӧ о
Låge a а


Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Personlege pronomen[endre | endre wikiteksten]

Pronomen blir bøygd i person og tal (eintal, fleirtal), og i kasus. Det er ingen genusdistinksjon, сійӧ kan tyde både "han, ho" ог "det". Pronomena har eit kasussystem som skil seg frå substantiva, dei blir bøygd berre i grammatiske kasus og i approksimativ, ikkje i lokals kasus. Tabellen viser nominativformene:

Personlege pronomen
Komi Omsetjing
Singular
мe eg
тэ du
ciйö han/ho/det
Plural
ми vi
тi dokker
найö dei