Komi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Komisk språk)
Sjå òg Republikken Komi
Komi
коми кыв (komi kyv)
Klassifisering Uralsk
 permisk
Bruk
Tala i Russland
Område Republikken Komi
Komitalande i alt 156 000 (2010)[1]
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem Det kyrilliske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 kv
ISO 639-2 kom
ISO 639-3 kpv
Glottolog komi1268

Komi (eller komisyrjensk) er eit permisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir framfor alt snakka i Republikken Komi, der det er offisielt språk i lag med russisk, men også i dei administrative områda som grensar mot republikken, særleg i Nenetsia og i Arkhangelsk oblast. Også i Murmansk oblast er det ein minoritet av komiar, dei er etterkommarar etter komiar som vandra dit over isen til Kola-halvøya på slutten av 1800-talet.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Det latinske alfabetet som vart brukt for komi på 1930-talet

Komi blir skrive med det kyrilliske alfabetet, med tilleggsbokstavane І, і (ikkje-palataliserande [ i ]) og Ӧ, ӧ (schwa).

Skriftspråket for komi har ei svært interessant historie, som skil det frå alle andre uralske språk. Det første skriftsystemet for komi, abur, vart laga på 1300-talet, av misjonæren Stefan av Perm. Alfabetet minnar til ein viss grad om kyrillisk og gresk, men er eit sjølvstendig alfabet med bokstavar ikkje funne for andre skriftsystem. Viss vi ser bort frå nokre korte tekstar på ungarsk, var komi det første uralske språket som vart skriftfesta. meir enn to hundre år før dei uralske språka i vest, og meir enn fire hundre år før andre uralske språk i Russland. Abur er inkludert i Unicode, i Plan 1 for historiske skriftsystem [1] [2].

1500-talet vart abur erstatta med kyrillisk. Komi-nasjonalskalden Ivan Kuratov (1839-75) såg på komi som eit isolerande språk, på line med kinesisk, og ville endre rettskrivinga drastisk, men fekk ikkje gjennomslag for synet sitt. Etter oktoberrevolusjonen vart komi skrive med det såkalla Molodtsov-alfabetet i ein kort periode, før dei i tråd med den bolsjevikiske poltitikken gjekk over til det latinske alfabetet. Etter politikkomleggjinga i 1935 gjekk dei attende til det kyrilliske alfabetet.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Gateskilt på russisk og komi i Syktyvkar. I den russiske teksten ("Улица Коммунистическая") kongruerer adjektivet med substantivet for "gate" (ulitsa) i genus og kasus, i teksten på komi ("Коммунистическöй улича") har lånordet suffikset -öj, uavhengig av kva form substantivet står i.

Det grammatiske systemet i komi skil seg ikkje så myhkje frå det i dei andre uralske språka. Eitt særdrag er at komi har hatt mykje apokope, slik at språket inneheld mange einstava ord, som kyv "språk", jf. finsk kieli (lydendringa l -> v i utlyd er regelrett). Eit anna særdrag er at språket har svært mange kasus.

Lydlære[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fonologien i komi.

Komi har sju vokalar, tre høge (i, ʉ, u), tre midtre (e, ə, o) og ein låg (a). Lydane blir skrive med desse symbola på komi: и, ы, у, е, ӧ, о, а.

Bøying[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Morfologien i komi.

Komi har eit rikt kasussystem, med desse kasusa: nominativ, akkusativ, genitiv, ablativ, dativ, komitativ, konsekutiv, karitiv, instrumental, illativ, inessiv, elativ, prosekutiv, transitiv, terminativ, approksimativ, egressiv.

Adjektiva i komi blir bøygd i grad, med komparativsuffikset -džʉk, og superlativpartikkelen med, t.d. bur «god», burdžʉk «betre», med bur «best». I predikativ posisjon kongruerer adjektivet med substanitvet i tal, suffikset er -əś. Som attributt er det ubøyeleg, men brukt som substantiv blir det bøygd som eit substantiv, i kasus, numerus og possessiv (tom «ung», tomjas «dei unge»). Partisipp blir brukt adjektivisk.

I komi blir verba bøygd i person, tal (singularis og pluralis), tempus (presens, preteritum og futurum).

Negasjonsverbet blir bøygd i tempus, slik som i sørsamisk.

Setningslære[endre | endre wikiteksten]

Ordstillinga i komi er i hovudsak SVO.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Indre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Komi høyrer til dei permiske språka, og utgjer i lag med komipermjakisk den eine greina av denne språkfamilien. Den andre er udmurtisk, som blir snakka lenger sør, og som i lang tid har vore under påverknad av tyrkiske språk.

Røttene i dei fleste uralske ord er av forma CVCV, som i finsk suoni «blodåre». I komi har desse ofte gjennomgått apokope, siste vokal er borte, som i komi sən. Ei anna språkleg endring er at ordfinal l har vorte til v, slik at ordet for språk, som på finsk er «kieli», på komi er kʉv.

Morfologien til komi og komipermjakisk veks, dei har fått fleire nye kasus dei siste tusen åra.

Ytre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Komi er etter ungarsk det uralske språket med dei eldste skriftlege kjeldene.

Døme[endre | endre wikiteksten]

komi nordsamisk finsk
1 öтик okta yksi
2 кык guokte kaksi
3 куим golbma kolme
4 нёль njeallje neljä
5 вит vihtta viisi
6 квайт guhtta kuusi
7 сизим čieža seitsemän
8 кöкъямыс gávcci kahdeksan
9 öкмыс ovcci yhdeksän
10 дас logi kymmenen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Grammatikkar[endre | endre wikiteksten]

  • Hausenberg, Anu-Reet: Komi. In: Daniel Abondolo (Hrsg.) The Uralic Languages. Routledge, London 1998, ISBN 0-415-08198-X, (Routledge language family descriptions), S. 305–326.
  • Rédei, Károly: Syrjänische Chrestomathie Mit Grammatik Und Glossar. Studia Uralica 1, Verband der Wissenschaftlichen Gesellschaften Österreichs, Wien 1978.
  • Wiedemann, Ferdinand Johann. 1884. Grammatik der syrjänischen Sprache mit Berücksichtigung ihrer Dialekte und des Wotjakischen. St. Petersburg: Eggers & Co : J. Glasunow.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediakomi