Kommag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kommag frå Finnmark.
Foto: Reinsfelt, Anne-Lise/Norsk Folkemuseum

Kommag (av nordsamisk gápmagat, fleirtal av gáma, 'sko/fottøy') er tradisjonelt samisk fottøy av lêr. Dei skil seg frå skallar ved at dei er laga av hårlaust skinn. Kommagar blir hovudsakleg brukt som sommarsko.

Kommagar i bruk med kommagband.

Oversida av skoen er vanlegvis laga av reinskinn og solen av skinn frå ku eller kobbe. Lêret er garva med bjørk. Ein smører kommagar godt inn med tjøreolje. Velsmurte komagar er vasstette.

Som skallar bruker ein skorne vekselvis på høgre og venstre fot.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]