Kommandør T. I. Øgrims plass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kommandør T. I. Øgrims plass

Kart
Kommandør T. I. Øgrims plass
59°55′03″N 10°44′34″E / 59.917451°N 10.74286889°E / 59.917451; 10.74286889

Kommandør T.I. Øgrims plass er ein plass ved Bernhard Getz' gate i sentrum av Oslo, i kvartalet mellom St. Olavs gate og Keysers gate. Mellom plassen og Akersgata er det ein fotgjengarpassasje med portal gjennom Akersgata 73. Plassen ligg i bydel St. Hanshaugen.

Ved plassen held ei rekkje kyrkjelege, frikyrkjelege og kristne organisasjonar til. Dei vestlege bygningane har adresse Bernhard Getz' gate 3 og har Det Norske Bibelselskap og Kirkens Nødhjelp som eigarar. Blant leigetakarar i garden finst òg organisasjonen Wycliffe, Verbum Forlag, Bevegelsen Korsvei og misjonsorganisasjonen Areopagos sitt hovudkontor i Noreg. Kyrkjelyden til Treeiningskyrkja i Oslo har kontor i 8. etasje av bygningen.

Austom T. I. Øgrims plass ligg òg bygget til Frelsesarmeen med adresse(r) (Akersgata 73/Kommandør T. I. Øgrims plass 4), der m.a. hovudkvarteret og Tempelet korps held til. Ved inngangen til bygningen til bibelselskapet i Bernhard Getz' gate 3 står òg ei byste av biskop Eivind Berggrav, som var formann for Det Norske Bibelselskap i 17 år (1938–55).

Plassen vart oppkalla i 1981 etter Tobias Immanuel Ögrim,som var kommandør og leiar for Frelsesarmeen i Noreg 1945-1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kommandør T. I. Øgrims plass