Stortingets kommunal- og miljøvernkomité

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingets kommunal- og miljøvernkomité var ein fagkomité på Stortinget. Den vart oppretta 10. oktober 1972, og bestod då av medlemmane i Stortingets kommunalkomité, som samstundes vart lagt ned.

Stortingets kommunal- og miljøvernkomité vart lagt ned 30. september 1993. Siste komitéleiar var Haakon Blankenborg frå Arbeiderpartiet.

Då komiteen vart lagt ned, vart ein vesentleg del av saksområdet overført til den nye Stortingets kommunalkomité, som var i verksemd i stortingsperiodane 1993-1997, 1997-2001 og 2001-2005.

Stortinget.no har oversikt over alle medlemmer av Stortingets kommunal- og miljøvernkomité.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]