Kommunar i Qatar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Qatar, administrative divisions - Nmbrs - colored.svg

Sidan 2004 har Qatar vore delt inn i sju kommunar.[1] Ein ny kommune, Al Daayen, vart skapt under resolusjon nr. 13,[2] frå delar av Umm Salal og Al Khawr på same tid. Al Ghuwariyah vart slått saman med Al Khawr; Al Jumaliyah vart slått saman med Ar Rayyan; Jarayan al Batnah vart delt mellom Ar Rayyan og Al Wakrah og Mesaieed vart slått saman med Al Wakrah.

For statistiske føremål vert kommunane vidare delt inn i 87 soner, som igjen er delt inn i blokker.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje kommunaldepartementet i Qatar[3] vart den første kommunen i landet oppretta i 1963 som Qatar kommune. Denne endra seinare namn til Doha kommune same året. I 1972 vart Ar Rayyan, Al Wakrah, Al Khawr og Dhekra, Ash Shamal og Umm Salal oppretta. I 1997 vart Umm Sa'id kommune danna frå delar av Al Wakrah og Jariyan al Batnah).

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Kommune Arabisk Folketal (2010)[4] Areal (km²)
1 Madinat ash Shamal الشمال 7,975 902
2 Al Khor الخور 193,983 1,551
3 Umm Salal أم صلال 60,509 310
4 Al Daayen الضعاين 43,176 236
5 Ar Rayyan الريان 455,623 5,818
6 Ad Dawhah الدوحة 796,947 234
7 Al Wakrah الوكرة 141,222 2,520
Totalt 1,699,435 11,571

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Qatar Municipalities». Qatar Ministry of Municipality and Urban Planning. Arkivert frå originalen 2011-12-22. 
  2. AlDaayen Municipality
  3. [1]
  4. «Census 2010». Qatar Statistics Authority. 2010. Arkivert frå originalen den 2. juni 2016. Henta 2010-07-25.