Hopp til innhald

Kommunar i Slovakia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kommunar (slovakisk obec, fleirtal obcí) er ei administrativ inndeling av Slovakia. Landet er delt inn i 8 regionar[1] (slovakisk kraj, fleirtal kraje) som er delte inn i 79 distrikt (slovakisk okres, fleirtal okresy).[2] Desse er igjen delte inn i kommunar.

Det er (i 2026) 2890 kommunar i Slovakia.[3] Ifølgje Lov av 06.09.1990 nr. 369/1999 om organisering av kommunar kan ein kommune få status som bykommune på visse vilkår.[4] Det er (i 2026) 141 slike bykommunar i landet.[5]

Byane Bratislava og Košice er eigne kommunar, men er adminstrativt delte inn fleire distrikt og bydelar. Bratislava har fem distrikt med 17 bydelar og Košice har fire distrikt med 22 bydelar.[5]

Referanser

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «Regions of Slovakia». statoids.com. Henta 6. august 2026.
  2. ↑ «Districts of Slovakia». statoids.com. Henta 7. august 2026.
  3. ↑ «Guide To Slovakia: List of cities and municipalities». Guide To Slovakia. Henta 7. august 2026.
  4. ↑ «Zákon č. 369/1990 Z. z.». Zákony pre ľudí. Henta 7. august 2026.
  5. 1 2 «Guide To Slovakia: List of cities in Slovakia». Guide To Slovakia. Henta 7. august 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kommunar i Slovakia