Hopp til innhald

Kommunar på Kypros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein kommune (gresk δήμος, dímos, tyrkisk belediye) er ei administrativ inndeling av Republikken Kypros. Kypros har seks distrikt, som er delte inn i kommunar (mest i urbane område) og lokalstyrte busetnader (mest i landlege område).[1]

Busetnader med meir enn 5000 innbyggjarar eller som har ressursar til å fungere som ein kommune, kan etter folkerøysting få status som kommune. Etter at det i 2011 på denne måten vart oppretta seks nye kommunar,[2] er det no 39 kommunar på Kypros.[3][4]

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld i alt ni kommunar, som har ein kommuneadministrasjon i eksil.[5]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «The Committee of the Regions and the Cyprus Presidency of the Council of the European Union» (PDF) (på engelsk). EU: Committee of the Regions. Arkivert frå originalen (PDF) 2023-09-17. Henta 2023-09-17.
  2. ↑ «Έξι νέοι Δήμοι στην Κύπρο – Seks nye kommunar på Kypros» (på gresk). Ένωση Δήμων Κύπρου – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 2023-06-05. Henta 2023-09-17. {{cite web}}: Den ukjende parameteren |kommentar= vart ignorert (hjelp); Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp) Pressemelding 24.10.2011
  3. ↑ «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 2023-01-29. Henta 2023-09-17. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)
  4. ↑ «Historical background» (på engelsk). Republic of Cyprus, District Administration Offices. Arkivert frå originalen 2019-12-26. Henta 2023-09-17.
  5. ↑ «Occupied Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 2023-01-29. Henta 2023-09-17. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)