Kommunikasjon over straumnettet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kommunikasjon over straumnettet er ein mogeleg måte å skaffe billeg samband til grisgrendte strok. Dei nye straummålarane kan nytta slikt samband.[treng kjelde]

Utstyr for kommunikasjon over straumnettet finst i ulike variantar for fleire bruksområde. Utstyret kan skapa forstyrring på anna elektronisk kommunikasjon og elektrisk utstyr. Nasjonal kommunikasjonsmakt (Nkom) deltar i internasjonalt arbeid for å utarbeide standardar for teknologien. Smalbandsoverføring er den enklaste forma for kommunikasjon over straumnettet og vert nytta for fjernavlesing av straummålarar og/eller overføring av styresignal for lågspenningsnettet (230 Volt). Breibandsaksess er ein annan variant som er overføring av elektronisk samband mellom nettstasjon og bustad. Breibandaksess kan òg omfatta den husinterne spreiinga.

Heimenett/LAN er ein tredje variant av samband over straumledninga som ofte vert kalla «homeplug» eller «homeplug ethernet». Utstyret er til dømes små boksar («homeplugs») som ein pluggar inn i dei vanlige straumkontaktane. Ein av boksane vert kopla til telenettet, medan dei andre boksane vert kopla til telekontakten til kvart enkelt brukarutstyr.

Det finst ulike nemningar for desse systema som brukar straumnettet som transmisjonsmedium, til dømes:

  • Power Line Communication (PLC)
  • Power Line Telecommunication (PLT)
  • Power Line Networking (PLN)
  • Broadband over Power Lines (BPL)
  • Homeplug («heimenett»)
  • Homeplug ethernet
  • LAN over straunettet

Ein bør vere merksam på at overgangane og skilnaden mellom desse fulike nemingane ikkje alltid er like klåre. «PLT» i ein tekst kan tyda det samme som «PLC» i ein annan tekst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

https://www.nkom.no/teknisk/ekomutstyr/annet-ekomutstyr/kommunikasjon-over-str%C3%B8mnettet-plt
https://www.digi.no/artikler/norsk-selskap-leder-pa-ip-over-stromnett/330528
https://www.kjell.com/no/spor-kjell/hvordan-virker-det/nettverk/hjemmenettverk/homeplug-nettverket-via-stroemnettet
https://www.abcnyheter.no/nyheter/2012/02/24/146476/ams-apner-stromnettet-hacking