Kompasspunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei kompassrose med 32 punkt

Kompasspunkt er punkt på eit kompass, særleg på kompassroser, som merkar skiljet mellom dei fire himmelretningane: nord, sør, aust og vest. Kompasset kan vere delt i 4 himmelpunkt, eller i 8 punkt for å få med interkardinalretningane mot nordaust, søraust, sørvest og nordvest. Meteorologar plar å dele kompasset i enno fleire punkt for å danne eit vindkompass med 16 punkt.[1] I den europeiske tradisjonen finn ein òg skipskompasset med 32 punkt.[2] I det gamle Kina hadde dei 24 kompasspunkt.

Sjømenn plar ofte å namngje dei 32 punkta på kompasset med klokka som ein hugseleik. På engelsk blir denne aktiviteten kalla boxing the compass («slåst med kompasset»).[3][4] Namna på mellompunkta er samansett av initialane på dei fire himmelretningane og interkardinalretningane. Dei kan vere nyttige når ein skal vise til ein retning, kurs eller asimut, utan å måtte hente eller rekne seg fram til grader. I dei fleste bruksområder har dei små punkta blitt erstatta med grader målt med klokka frå nord.

Namn på kompasspunkta[endre | endre wikiteksten]

Ei kompassrose med 16 vindretningar
Eit engelsk kompasskort med 32 vindretningar

Namna på ei kompassrose med 32 punkt følgjer desse reglane:

  • Himmelretningane eller kardinalretningane er Nord (N), Aust (E), Sør (S) og Vest (W), og ligg i 90° vinkel på kompassrosa.
  • Interkardinalretningane[5] er Nordaust (NE), Søraust (SE), Sørvest (SW) og Nordvest (NW), og blir danna ved å halvere vinklane på himmelretningane. Namnet er beint fram ein kombinasjon av dei retningane kompasspeikaren ligg imellom.
  • Dei åtte hovudvindretningane eller hovudvindane er samlinga av himmelretningane og interkardinalretningane, altså N, NE, E, SE, S, SW, W og NW.[6] Kvar av hovudvindretningane ligg i 45° vinkel frå grannen. Dei dannar dei vanlege kompassrosene med åtte vindretningar.
  • Dei åtte halvvindane er dei retningane ein får ved å halvere vinklane mellom hovudvindane.[7][6] Halvvindane er Nord-nordaust (NNE), Aust-nordaust (WNW), Aust-søraust (ESE), Sør-søraust (SSE), Sør-sørvest (SSW), Vest-sørvest (WSW), Vest-nordvest (WNW) og Nord-nordaust (NNW). Merk at namnet blir laga ved å kombinere namna på hovudvindane til kvar side, der hovudvindretninga kjem fyrst, og interkardinalretninga sist. Dei åtte hovudvindane og dei åtte halvvindane dannar saman ei kompassrose med 16 vindretningar, der kvart kompasspunkt ligg i 22 1⁄2° vinkel frå den neste.
  • Dei seksten kvartvindane er dei retningane ein får ved å halvere vinklane mellom punkta på ei kompassrose med seksten vindretningar.[6] Dei seksten kvartvindane er Nord for aust (NbE), Nordaust for nord (NEbN), Nordaust for aust (NEbE), Aust for nord (EbN) i den fyrste kvadranten; Aust for sør (EbS), Søraust for aust (SEbE), Søraust for sør (SEbS), Sør for aust (SbE) i den andre kvadranten; Sør for vest (SbW), Sørvest for sør (SWbS), Sørvest for vest (SWbW), Vest for sør (WbS) i den tredje kvadranten; Vest for nord (WbN), Nordvest for vest (NWbW), Nordvest for nord (NWbN) og Nord for vest (NbW) i den fjerde kvadranten.[8][9]

Dei åtte hovudvindane, åtte halvvindane og seksten kvartvindane dannar saman ei kompassrose med 32 vindretningar, der kvart kompasspunkt ligg i 11 1⁄4° vinkel til den neste.

Namnet på ein kvartvind er oftast «X for Y», der X er hovudvindretninga og Y er himmelretninga. Det kan vere nyttig å tenke på «X for Y» som ein snarveg for uttrykket «ein kvartvind frå X mot Y, der ein «kvart» er 11 1⁄4°, X er den næraste hovudvindretninga, og Y er den neste og meir fjerne himmelretninga. Difor vil «Nordaust for aust» tyde «ein kvart frå Nordaust mot aust», og «Søraust for sør» vil tyde «ein kvart frå Sørvest mot sør». Namnet på Alfred Hitchcock sin film frå 1959, North by Northwest («Nord for Nordvest»), er faktisk ikkje eit retningspunkt på eit kompass med 32 vindretningar, men ein referanse til flyselskapet Northwest Airlines.

Tradisjonelle namn[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle kompassrosa med åtte vindretningar (og den med 16 og 32 vindretningar) blei oppfunne av sjøfolk som reiste langs Middelhavet i mellomalderen. Sjøfolka sine tradisjonelle vindnamn blei uttrykt på italiensk — eller, meir presist, det italieniserte lingua franca som var vanleg blant sjøfolk på 12- og 1300-talet, som i hovudsak var samansett av genovesisk (ligurisk) blanda med venetianske, sicilianske, provençalske, katalanske, greske og arabiske uttrykk frå Middelhavslanda.

Tradisjonelle namn på eit kompass med 32 vindretningar (og tradisjonell fargekode)

Denne italieniserte målføringa blei brukt til å peike ut namna på hovudvindane på kompassrosa, som fanst i kompassa og portolankarta til sjøfolk på 13- og 1400-talet. Dei «tradisjonelle» namna på dei åtte hovudvindane var:

  • (N) - Tramonta
  • (NE) - Greco (eller Bora ifølgje somme venetianske kjelder)
  • (E) - Levante (stundom Oriente)
  • (SE) - Scirocco (eller Exaloc på katalansk)
  • (S) - Ostro (eller Mezzogiorno på ventiansk)
  • (SW) - Libeccio (og Garbino eller Eissalot på provençalsk)
  • (W) - Ponente (eller Zephyrus på gresk)
  • (NW) - Maestro (eller Mistral på provençalsk)

Lokale stavevariantar er langt meir talrike enn dei som er framlagd. Nokre andre er Tramutana, Gregale, Grecho, Scirocco, Xaloc, Leberg, Libezo, Leveche, Mezzodi, Migjorn, Magistro og Mestre. Tradisjonelle kompassroser hadde ofte innskrivd initialane T, G, L, S, O, L, P og M på hovudpunkta. Portolankarta brukte fargekodar på kompassvindane: svart for dei åtte hovudvindane, grøn for dei åtte halvvindane og raud for dei seksten kvartvindane.

I det engelske kompasset blei alle vindnamna bygd frå dei fire himmelretningane (N, E, S og W). I det tradisjonelle kompasset må ein lære seg åtte grunnleggjande namn — eitt for kvar av hovudvindane. Sjølv om det er fleire namn som må hugsast, så vil det bli lettare å hugse namnereglane for kompass med 32 vindretningar. Halvvindane er berre ein kombinasjon av dei to hovudvindane den kryssar, med det kortaste namnet fyrst. Til dømes vil NNE verte «Greco-Tramontana», ENE verte «Greco-Levante», SSE verte «Ostro-Scirocco», osb. Kvartvindane blei uttrykt med det italienske uttrykket «Quarto di X verso Y», som tyda «ein kvart frå X mot Y», uttale [ˈkwarto di X ˈvɛrso Y].[10][11][12] Den næraste hovudvinden kjem alltid fyrst, og den andre meir fjerne vinden kjem etterpå. Til dømes vil «Nordaust for aust» verte «Quarto di Tramontana verso Greco», og «Nordaust for nord» vil verte «Quarto di Greco verso Tramontana».

32 kardinalpunkt[endre | endre wikiteksten]

# Kompasspunkt Forkorting Tradisjonelt vindpunkt Minimum Medium
asimut
Maksimum
1 Nord N Tramontana 354.38° 0.00° 5.62°
2 Nord for aust NbE Quarto di Tramontana verso Greco 5.63° 11.25° 16.87°
3 Nord-nordaust NNE Greco-Tramontana 16.88° 22.50° 28.12°
4 Nordaust for nord NEbN Quarto di Greco verso Tramontana 28.13° 33.75° 39.37°
5 Nordaust NE Greco 39.38° 45.00° 50.62°
6 Nordaust for aust NEbE Quarto di Greco verso Levante 50.63° 56.25° 61.87°
7 Aust-nordaust ENE Greco-Levante 61.88° 67.50° 73.12°
8 Aust for nord EbN Quarto di Levante verso Greco 73.13° 78.75° 84.37°
9 Aust E Levante 84.38° 90.00° 95.62°
10 Aust for sør EbS Quarto di Levante verso Scirocco 95.63° 101.25° 106.87°
11 Aust-søraust ESE Levante-Scirocco 106.88° 112.50° 118.12°
12 Søraust for aust SEbE Quarto di Scirocco verso Levante 118.13° 123.75° 129.37°
13 Søraust SE Scirocco 129.38° 135.00° 140.62°
14 Søraust for sør SEbS Quarto di Scirocco verso Ostro 140.63° 146.25° 151.87°
15 Sør-søraust SSE Ostro-Scirocco 151.88° 157.50° 163.12°
16 Sør for aust SbE Quarto di Ostro verso Scirocco 163.13° 168.75° 174.37°
17 Sør S Ostro 174.38° 180.00° 185.62°
18 Sør for vest SbW Quarto di Ostro verso Libeccio 185.63° 191.25° 196.87°
19 Sør-sørvest SSW Ostro-Libeccio 196.88° 202.50° 208.12°
20 Sørvest for sør SWbS Quarto di Libeccio verso Ostro 208.13° 213.75° 219.37°
21 Sørvest SW Libeccio 219.38° 225.00° 230.62°
22 Sørvest for vest SWbW Quarto di Libeccio verso Ponente 230.63° 236.25° 241.87°
23 Vest-sørvest WSW Ponente-Libeccio 241.88° 247.50° 253.12°
24 Vest for sør WbS Quarto di Ponente verso Libeccio 253.13° 258.75° 264.37°
25 Vest W Ponente 264.38° 270.00° 275.62°
26 Vest for nord WbN Quarto di Ponente verso Maestro 275.63° 281.25° 286.87°
27 Vest-nordvest WNW Maestro-Ponente 286.88° 292.50° 298.12°
28 Nordvest for vest NWbW Quarto di Maestro verso Ponente 298.13° 303.75° 309.37°
29 Nordvest NW Maestro 309.38° 315.00° 320.62°
30 Nordvest for nord NWbN Quarto di Maestro verso Tramontana 320.63° 326.25° 331.87°
31 Nord-nordvest NNW Maestro-Tramontana 331.88° 337.50° 343.12°
32 Nord for vest NbW Quarto di Tramontana verso Maestro 343.13° 348.75° 354.37°

Halv- og kvartstrek[endre | endre wikiteksten]

Kompassrose frå «American Practical Navigator», 1916

Innan midten av 1700-talet hadde 32-punktsystemet blitt vidareutvikla for å omfatte halv- og kvartstrekar (òg kalla halv- og kvartpunkt) slik at kompasset fekk 128 retningar.[13] Desse brøkpunkta får namn gjennom tilføying, til dømes ved å bruke 14aust, 12aust eller 34aust for å namngje eit av dei 32 punkta. Kvar av dei 96 brøkpunkta kan få namn på to måtar, avhengig av kven av dei to heilstrekane som blir brukt. Til dømes er N34E det same som NbE14N. Kvar av formene er enkle å forstå, men ulike konvensjonar for korrekt bruk utvikla seg uavhengig i ulike land og organisasjonar.

Tabellen under visar korleis kvar av dei 128 retningane får namn. Dei fyrste to kolonnene visar talet på punkt og grader med klokka frå nord. Den tredje visar ekvivalenten som peilar mot den næraste graden frå nord eller sør mot aust eller vest. Kolonnene med «CW» og «CCW» visar høvesvis til retningane med og mot klokka. Dei siste tre kolonnene visar tre vanlege namnekonvensjonar: «For» kan aldri brukast utan å bruke «for» med brøkpunkt; «USN», systemet som blir brukt av Marinen til Dei sameinte statane;[14] og «RN», som blir brukt i Den kongelege marinen i Storbritannia.[15]

Kompassroser hadde nesten aldri brøkpunkt, men viste heller små og umerka markørar som vegleiing for styrmenna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Boardman: Graphicacy and Geography Teaching (1983) - Page 41 «In particular they should learn that wind direction is always stated as the direction from which, and not to which, the wind is blowing. Once children have grasped these eight points they can learn the full sixteen points of the compass.»
  2. Pamphlets on British shipping. 1785-1861 1785- Page 50 «A deviation table having been formed by any of the processes now so generally understood, either on the thirty-two points of the compass, the sixteen intermediate, or the eight principal points»
  3. Mørk, Ulrik (1960). Engelsk for norske sjømenn. Oslo: Aschehoug. s. 99—100. 
  4. George Payn Quackenbos A Natural Philosophy: Embracing the Most Recent Discoveries 1860 "Mentioning the mariner's compass: the points of the compass in their order is called boxing the compass. — The compass box is suspended within a larger box by means of two brass hoops, or gimbals as they are called, supported at opposite ..."
  5. Tidens leksikon. Oslo: Tiden. 1975. s. 235 (219). ISBN 8210009230. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Atle Skarsten (200). Kompassrosen i Hengsøyna (PDF). Stavanger Museums Årbok, Årg. 110. Stavanger. s. 5 (65). 
  7. Lunden, Siri Sverdrup (1920-2003) (1995). The Vardø merchants' reduced Russian: A. Hansen's Norwegian-Russian vocabulary (1862). Oslo: Solum. s. 54 (52). ISBN 8256010096 (ib.) Check |isbn= value: invalid character (hjelp). 
  8. Compass rose at geography.about.com
  9. Washington Education
  10. «Wordreference.com's entry for quarto». 
  11. «Wordreference.com's entry for di». 
  12. «Wordreference.com's entry for verso». 
  13. E. Chambers Cyclopaedia: or, an Universal Dictionary of Arts and Science, 5th Ed, 1743, pp.206-7, «Points of the Compass, or Horizon, &c, in Geography and Navigation, are the points of division when the whole circle, quite around, is divided into 32 equal parts. These points are therefore at the distance of the 32d part of the circult, or 11°15', from each other; hence 5°3712' is the distance of the half points and 2°4834' is the distance of the quarter points.»
  14. Nathaniel Bowditch, American Practical Navigator: An Epitome of Navigation and Nautical Astronomy, 1916, p. 16, «It is the custom in the United States Navy to box from North and South toward East and West, excepting that divisions adjacent to a cardinal or inter-cardinal point are always referred to that point;»
  15. Henry Raper, The Practice of Navigation and Nautical Astronomy, 10th Ed., 1870, p. 65, «A half-point, which is the middle division between two points, is called after that one of its adjacent points which is either a cardinal point, or is nearest to a cardinal point [...] In naming the half and quarter points it is advisable in some cases to sacrific system to simplicity. Thus, for example, seamen commonly say NNE12E instead of NE by N12

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons[endre | endre wikiteksten]