Komplement i mengdelære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Innan mengdelære er komplementet til ei mengd M mengda av alle elementa som ikkje er med i M. Dette vert òg omtalt som absolutt komplement. Det relative komplementet for ei mengd vert kalla mengddifferanse. Ofte vert det absolutte komplementet av M skrive som ∁(M), eller . Ein har ofte ei underliggjande universalmengde som det vert teke utgangspunkt i.

Eit konkret døme; om universalmengda inneheld alle menneske på jorda og ein tek komplementet av mengda over alle kvinner, vil ein få mengda over alle menn.