Kompromiss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kompromiss er ei form for semje der dei ulike partane lemper på krava dei opphavleg hadde. Ordet er kome til norsk gjennom fransk frå det latinske for 'skilsdomsavtale', comprommissum.

Det er vanleg å forhandla seg fram til kompromiss mellom ulike maktblokker innan politikk. Kompromiss er også vanlege i handel og næringsliv, til dømes ved pruting, der seljar og kjøpar snakkar seg fram til ein pris begge kan godta, og lønnsforhandlingar.

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med økonomi og politikk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.