Komsomolskaja Pravda-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Komsomolskaja Pravda-øyane
øygruppe
Land  Russland
Kart
Komsomolskaja Pravda-øyane
77°19′0″ N 107°0′0″ E
Wikimedia Commons: Komsomolskaya Pravda Islands
Plasseringa til Komsomolskaja Pravda-øyane nordaust for Tajmyrhalvøya.

Komsomolskaja Pravda-øyane (russisk Острова Комсомольской Правды, Ostrova Komsomolskoj Pravdy) er ei øygruppe i Karahavet i Russland. Dei er dekte av tundravegetasjon, grus og is. Dei vart kalla Ostrova Samuila før den russiske revolusjonen i 1917 og så vart dei kalla Komsomolskaya Pravda. Dei vart då ein periode den einaste øygruppa i verda som var kalla opp etter ei avis.[1] Dette varte til Izvesti TSIK-øyane vart gjeve namnet sitt etter avisa Izvestia. Det opphavlege namnet på øyane, Samuila, vart nytta om ei av øyane i øygruppa.

Desse øyane ligg i Laptevhavet like utanfor Simsabukta ved Tajmyrhalvøya. Dei ligg ved 77° 20' N og 107° E. Øygruppa høyrer til Krasnojarsk kraj i Russland.

Dei største øyane er Ostrov Samuila og Ostrov Bolsjoj (òg kalla Ostrov Stolovidnij). Sundet mellom desse øyane heiter Proliv Diksonskikh Gidrografov.

Dei mindre øyane som ligg nærast kysten heiter Udobnij, Vilkitskij (eller Srednij), Krajnij (eller Slijanije) og Kuropatsjij (eller Avanpost og Forpost). Desse inste øyane vert òg kalla Vilkitskijøyane. Desse er kalla opp etter geografen Boris Vilkitskij og må ikkje forvekslast med Vilktskijøyane (eller Dsjekmanøyane) i Nordenskiöldøyane.

Usbekistanøyane, kalla opp etter Usbekistan, ligg mellom dei inste øyane og dei to store lenger ute.

Like utanfor det nordaustlegaste punktet på fastlandet like sør for øyane ligg Framøya, kalla opp etter skipet «Fram» frå Fridtjof Nansen sin ekspedisjon.

Klimaet rundt øyane er særs hardt med mange snøstormar om vinteren. Havet omkring er isdekt det meste av året og sjølv om sommaren er det pakkis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1933 sendte det nyoppretta Glavsevmorput (sjefsdirektoratet for Nordaustpassasjen) avgarde den første konvoien med transportskip langs Nordaustpassajen til munningen av Lenaelva for å levere varer som skulle til Jakutsk ASSR. Han bestod av tre transportskip og vart eskortert av isbrytaren «Krasin». Trass i mykje havis i Karahavet klarte to skip å nå Tiksi, målet deira, og lesse av lasta si. Det tredje skipet, DS «Pravda» var på veg til Nordvik med ein oljeleitingsekspedisjon. Trass i åtvaringa grunnstøtte Pravda nær målet og måtte snu tilbake.

Dei tøffe istilhøva i Vilkitskijsundet mellom Severnaja Zemlja og Kapp Tsjeljuskin), tvinga dei tre skipa i konvoien til å overvintre ved Ostrov Samuila i Komsomolskaja Pravda-øyane. Ein kyststasjon vart bygd og eit fullt vitskapleg program vart opprettheldt heile vinteren av N. N. Urvantsev og kona hans Dr. Jelizaveta Ivanovna. Urvantsev nytta basen til å utforske Tajmyrhalvøya.

Skipa kom seg laus året etter med hjelp av isbrytaren «Fjodor Litke». Etter å ha hamra laus på den tjukke isen rundt Komsomolskaja Pravda-øyane klarte isbrytaren å bryte lause ein 10 km lang kanal som dei tre skipa kom seg ut i fritt farvatn. Isbrytaren fekk store skadar på skroget som følgje av arbeidet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]