Konføderasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein konføderasjon er ei samanslutning av statar eller andre einingar der einingane er relativt laust knytte til kvarandre, slik at ei avgjerd berre gjeld i ein del av heilskapen dersom denne delen er samd i henne, og delstatane (i ein statskonføderasjon) har høve til å melda seg ut av denne staten.

Ein kan hevda at Sveits i prinsippet var ein konføderasjon fram til borgarkrigen i 1847, men han var tydelegvis ikkje funksjonell sidan delstatane som ville bryta med moderlandet, vart haldne att med vald.

Sambandsstatane var opphavleg ein konføderasjon, men vart ein føderasjon ved ratifikasjonen av den amerikanske grunnlova.

I dag er kan henda Canada det næraste me har ein konføderasjon, i og med at det kan verka som Quebec får lov til å melda seg ut av landet, om so dei ynskjer.

Ein konføderasjon er då eit forbund av einingar der suvereniteten er lagd til kvar eining. I ein konføderasjon må det vera semje om ei lov eller ei avgjerd om denne skal gjelda kvar eining.

Statar kan i prinsippet vera konføderasjonar, føderasjonar eller unitære. Ein stat stat der heile suvereniteten og lovgjevingsmakta ligg i eitt sentrum, kallar me ein unitær stat (einskapsstat). Noreg er ein unitær stat.

Den Europeiske Unionen EU blir av somme sagt å vera ein konføderasjon, men EU har som mål å utvikla seg i retning av ein føderasjon, og har alt kome eit stykke på veg. Ikkje alt treng å vera samrøystes for å gjelda i EU i dag.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.