Konfetti



Konfetti er små stykke eller remser av papir, mylar eller metallmaterial, som typisk blir kasta i lufta ved feiringar, særleg opptog og bryllaup.[1] Opphavet til ordet er frå latinsk confectum, med confetti som ei fleirtalsform av italiensk confetto, ein liten søtsak.[2] Moderne papirkonfetti går tilbake til symbolske rituale med å kasta korn og søtsaker ved spesielle høve. Desse tradisjonane er kjende frå mange kulturar gjennom historia.[3] Papir og andre ikkje-etande materiale er blitt vanlegare i moderne tid.
Konfetti blir laga i fleire fargar, former og materiale. Ein skil mellom konfetti og glitter; glitter er mindre enn konfetti (med stykke som vanlegvis ikkje er større enn 1 mm) og er heilt skinnande. Bordkonfetti er også gjerne skinnande. Denne blir gjerne kalla metallkonfetti, men er eigentleg metallisert PVC. Konfetti blir ofte brukt til sosiale tilstellingar som festar, bryllaup og bar mitzvaer. Den enklaste konfettien er enkle papirstrimlar (sjå konfettiparade), og kan lagast med saks eller makuleringsmaskin. Små bitar hola ut av papir som er til overs er òg vanleg. Ein holemaskin kan laga små runde bitar, og ein billettmaskin kan laga meir forseggjorte bitar. Dei fleste bitar av flatt papir vil rotera når dei fell, og dermed dala ganske sakte.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det er godt dokumentert at det blei kasta gjenstandar under opptog i Milano frå det 1300-talet av. Adelsfolk kasta godteri og blomar under opptog, og damene kasta ut eggeskal fylte med essensar og parfyme. Folk i underklassen kunne spotta adelsfolk ved å kasta rotne egg, og slag mellom fiendtlege fraksjonar eller distrikt blei vanlege. I 1597 innførte guvernøren Juan Fernández de Velasco y Tovar forbod mot å kasta egg og squittaroli (spruting av væske på gata),[4] i lag med anna umoralsk framferd. Skikken forsvann i kring hundre år, men kom tilbake att på 1700-talet i form av å kasta små godteri, vanlegvis frø med eit ytterlag av sukker. Frøa som blei nytta var hovudsakleg koriander, ein vanleg plante i området. Det italienske namnet for konfetti er coriandoli, frå namnet på urta.[5]
Godteria var dyre, og dei nedre klassa brukte ofte små kritballar i staden, kalla benis de gess (kritkjeks). Dei blei offisielt definert som det einaste materialet som kunne kastast under opptog i eit edikt frå prefekten av Milano i 1808, men slaga som blei utkjempe med dei på 1800-talet blei for store og farlege, med hundrevis av folk involverte, og førte til eit forbod mot kritballar. Ein del omgjekk forbodet ved å kasta gjørmeballar i staden.[5]
Italiensk confetti
[endre | endre wikiteksten]
Søtsaken dragé er kjend på italiensk som confetti, etter dei små søtsakene som blei kasta under karneval.[6] Coriandoli viste til korianderfrøa som opphavleg var inne i søtsakene.[6]
Etter tradisjonen blir det delt ut confetti (sukkerdekte mandlar) ved bryllaup (kvitt dekke) og dåpar (blått eller rosa dekke avhengig av kjønnet til babyen) eller ved studentseremoniar (raudt dekke), ofte pakka inn ein liten tyllpose som gåve til gjestene.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «American Heritage Dictionary». Yourdictionary.com. Henta 2014-07-21.
- ↑ «Confetti - Definition and More from the Free Merriam-Webster Dictionary». Merriam-webster.com. Henta 2014-07-21.
- ↑ «confetti - definition of confetti by The Free Dictionary». Thefreedictionary.com. Henta 2014-07-21.
- ↑ Montague, Bruce (July 2014). Wedding Bells and Chimney Sweeps « Bruce Montague. John Blake. ISBN 9781784180423. Henta 2016-11-03.
- 1 2 Arkivert 3. juli 2010 ved Wayback Machine.
- 1 2 Staff | (2021-02-23). «Italian Curiosities: why do we use coriandoli for Carnevale?». L'Italo-Americano – Italian American bilingual news source (på amerikansk engelsk). Henta 2025-05-13.
- ↑ «Confetti: qual è il colore giusto per ogni festa e anniversario? Il significato del colore dei confetti» (på italiensk). Henta 29. november 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Confetti» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2026.