Konfettiparade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ticker-tape parade for presidentkandidaten Richard Nixon i New York i 1960
Konfettiparade i New York City til ære for astronautane på Apollo 11 i august 1969

Konfettiparade (engelsk ticker-tape parade) er ei form for opptog eller parade som oppstod i USA. Paradeforma er kjenneteikna av at det vert sleppt store mengder papirbitar eller strimlar frå bygningar langs ruta, noko som gjev ein festleg, snøliknande effekt. Opphavleg brukte ein papirstrimlar til telegrafibruk - engelsk ticker tape - til slike paradar, seinare blei spesiallage konfetti meir vanleg. Konseptet oppstod i USA, der det er mest vanleg, og er særleg knytt til New York. Utanfor USA er ticker tape særleg knytt til VM i fotball 1978, som blei halden i Argentina.[1][2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «My World Cup: Osvaldo Ardiles (Argentina, 1978, 1982)». Lancashire Telegraph. 8. juni 2010. 
  2. «World Cup history: Argentina 1978». TalkTalk. Arkivert frå originalen 20. september 2015. Henta 1. juni 2015. 
  3. «The story of the 1978 World Cup». BBC. 18. mai 2010.