Konfliktar mellom India og Pakistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grensa mellom India og Pakistan i Wagah.

Det har vore fleire opne konfliktar mellom India og Pakistan sidan Delinga av Britisk India i august 1947, då dei to landa blei oppretta. Sjølve delinga var følgt av valdelege hendingar i begge land, og tilhøvet mellom dei var prega av mistru frå byrjinga. Konfliktar om territorium og makt har seinare avla open konflikt fleire gonger.

India og Pakistan har hatt tre store krigar, ein mindre krig og fleire væpna trefningar. Bortsett frå krigen mellom India og Pakistan i 1971, som dreidde seg om Aust-Pakistan (noverande Bangladesh), har krigsårsaken for dei andre krigane vore den omstridde regionen Kashmir. Dei to landa har også påtala kvarandre for å støtta terroristar eller opprørar på den andre sitt territorium, i nokre høve med rette. Landa har også gått gjennom eit våpenkappløp i utviklinga av atomvåpen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kart over delinga av Britisk India. Dei grøne områda blei til det nye Pakistan, det raude blei verande India. Dei gråe, Hyderabad og Kashmir, blei omstridde. Pilene viser korleis mange folk måtte flytta mellom dei nye landområda.

Frigjeringa og delinga av Britisk India kom i kjølvatnet av andre verdskrigen. I denne perioden hadde både Storbritannia og Britisk India økonomiske problem forårsaka av krigen og demobiliseringa etterpå.[1]

Målet med delinga var å skapa ein eigen muslimsk stat, «Pakistan», og ein annan stat for resten av Britisk India, «Hindustan».[2] Framståande politikarar som Mohammed Ali Jinnah, leiaren for All India Muslim League, og Jawaharlal Nehru, leiaren for Kongresspartiet, skulle delinga i seg sjølv resultera i fredelege relasjonar. Men delinga førte til store folkeforflyttingar, opptøyar og store tap av liv og eigedom. Vald mellom hinduar, sikhar og muslimar førte til at mellom 500 000 og éin million døydde.[3] Alle muslimane flytta heller ikkje til den nye «reine» muslimske staten. Rundt halvparten av den muslimske befolkninga i Britisk India blei verande i området som blei til India.[4]

Territorium som tidlegare hadde vore relativt sjølvstyrande fyrstestatar, som Kashmir og Hyderabad, var også involverte i delinga. Fyrstane av desse territoria kunne velja om dei ville slutta seg til India eller Pakistan. Kashmir utgjorde eit problem; det hadde muslimsk fleirtal, men ein hinduherskar, og begge landa gjorde krav på fyrstestaten. Denne usemja blei den største faktoren for komande konfliktar.[5]

Krigane i kronologisk rekkjefølge[endre | endre wikiteksten]

Indisk stridsvogn patruljerer i Kashmir i 1948.
  • Krigen mellom India og Pakistan i 1947, eller «den første Kashmirkrigen», braut ut i oktober 1947, då pakistanske stammestyrkar gjekk inn i Kashmir for å sikra at fyrstestaten blei pakistansk. Maharajaen av Kashmir bad India om hjelp, noko han fekk om han gjekk med på å slutta seg til India. Dermed gjekk hærstyrkar frå begge land inn i Kashmir. SN blei beden om å mekla, og krigen tok slutt i desember 1948 med eit fyrstestaten delt i indisk og Pakistansk Kashmir av «Line of Control».
  • Krigen mellom India og Pakistan i 1971 eller den bangladeshiske frigjeringskrigen blei framskunda av krisene som bygde seg opp i det som då var Aust-Pakistan. Etter den (vest)pakistanske Operasjon Searchlight og brutale drap, valdtekter og deportasjonar flykta om lag 10 millionar austpakistanske bengalarar til nabolandet India.[6] India gav støtte til dei bengalske frigjeringsstyrkane. Etter eit mislykka forkjøpsangrep frå Pakistan braut det ut fullskala strid mellom dei to landa. Etter to veker med intense kampar overgav pakistanske styrkar seg til India, og Bangladesh blei oppretta som eit resultat av krigen.[7] Denne krigen har det største talet drepne av alle indo-pakistanske konfliktar til no, og det største talet krigsfangar sidan andre verdskrigen. Nær 90 000 pakistanske styrkar (inkludert politi og sivile) overgav seg til India.
  • Kargilkrigen, eller krigen mellom India og Pakistan i 1999, fann hovudsakleg stad i Kargil-distriktet i Jammu og Kashmir. I lag med kashmirske opprørarar kryssa pakistanske soldatar Line of Control (LoC) og okkuperte indisk territorium, hovudsakleg i Kargil. India sette i gang ein større militærkampanje mot inntrengjarane.[8] Dei indiske militærframrykkingane og aukande diplomatisk press frå utlandet gjorde Pakistan nøydd til å trekkja styrkane sine tilbake over LoC.[9]

Andre konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Kart over Kashmir og kringliggjande område med Siachen-breen i nord avmerkt.

I tillegg til krigane nemnt over har det også vore fleire mindre trefningar mellom dei to nasjonane. Nokre av desse har vore på randen av krig, mens andre har hatt mindre omfang.

  • Terroråtaket i Mumbai i 2008: Bombing, skyting og gisseltaking utført av terroristar som var komne til Mumbai frå Pakistan utløyste ei ny krise mellom dei to landa. India hevda å ha avdekka gjennom avhøyr at den pakistanske etterretningstenesta ISI var innblanda, noko Pakistan nekta for. Diplomatiske forhandlingar løyste krisa.

Langvarige konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa av omstridde Sir Creek.
  • Stoda til Jammu og Kashmir er framleis ikkje løyst. Ei rekkje terroriståtak har funne stad i India med bakgrunn i konflikten, fleire av dei av pakistansk-baserte grupper.
  • Opprøret i Balochistan i Pakistan har gått føre seg sidan 1960-talet. Pakistan har skulda India for å støtta opprørarane.[11] Også britisk diplomati meiner at India har gjeve slik støtte.[12]
  • Territorialfarvatn. Den maritime grensa mellom India og Pakistan er omstridd mellom Kutch og Sindh. Pakistan gjer krav på heile Sir Creek,[13] medan India meiner at grensa går i midten av han. I 1999 skaut India ned eit pakistansk Atlantique-fly etter at det skal ha floge inn i indisk luftrom her. Fiskarbåtar frå Sindh og Gujarat krysser stadig grensa utan å vita det. Dei blir så arresterte av kystvakta i nabolandet, og å få dei frigjeven kan vera ein særs langvarig og vanskeleg prosess.[14][14][15][16]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Krigane mellom India og Pakistan har gitt kjeldemateriale til både indisk og pakistansk film- og tv-bransje. Hendingane er gjerne tilpassa ønske frå publikum i kvart enkelt land. Dei dramatiske tilhøva mellom landa er også skildra i litteraturen, mellom anna i Midnattsbarn av Salman Rushdie (filmatisert i 2012).

Filmar
Dramaseriar
  • Angaar Waadi, pakistansk dramaserie regissert av Rauf Khalid.
  • Laag, pakistansk dramaserie regissert av Rauf Khalid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Khan, Yasmin. The great Partition: the making of India and Pakistan. 2007, Yale University Press. ISBN 0300120788, 9780300120783, s. 12
  2. Ambedkar, Bhimrao Ramji. Pakistan, or Partition of India, Second Edition. 1946, Thacker, s. 5
  3. Khan 2007: s. 6
  4. Dixit, Jyotindra Nath. India-Pakistan in War & Peace. 2002, Routledge. ISBN 0415304725, 9780415304726, s. 13
  5. Khan 2007: s 8
  6. Christophe Jaffrelot, Gillian Beaumont. A History of Pakistan and Its Origins. Anthem Press, 2004. ISBN 1843311496, 9781843311492 Check |isbn= value: invalid character (hjelp). 
  7. Leonard, Thomas. Encyclopedia of the developing world. Taylor & Francis, 2006. ISBN 0415976626, 9780415976626 Check |isbn= value: invalid character (hjelp). 
  8. Fortna, Virginia. Peace time: cease-fire agreements and the durability of peace. Princeton University Press, 2004. ISBN 0691115125, 9780691115122 Check |isbn= value: invalid character (hjelp). 
  9. Lyon, Peter. Conflict Between India and Pakistan: An Encyclopedia. ABC-CLIO, 2008. ISBN 1576077128, 9781576077122 Check |isbn= value: invalid character (hjelp). 
  10. Wirsing, Robert (15 February 1998). India, Pakistan, and the Kashmir dispute: on regional conflict and its resolution. Palgrave Macmillan. s. 77. ISBN 978-0-312-17562-7. Henta 31 October 2011. 
  11. Qaiser Butt (August 7, 2011), «Balochistan conflict: ‘PM’s talks with leaders unlikely to succeed’», Tribune 
  12. Declan Walsh (1 December 2010), «WikiLeaks cables: Britain 'over-reacted' in wake of Mumbai attacks», The Guardian 
  13. «India-Pakistan talks: Sir Creek». Embassy of India. Henta 21 May 2006. 
  14. 14,0 14,1 «India to stop fishermen from straying into Pakistan». In.reuters.com. 7 April 2008. Henta 27 July 2012. 
  15. Raman, Sunil (8 April 2008). «India tracks stray fishing boats». BBC News. Henta 27 July 2012. 
  16. «Plight of ants». Rediff.com. 7 August 2002. Henta 27 July 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konfliktar mellom India og Pakistan