Kong Vilhelm-krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For meir om dette emnet, sjå Niårskrigen og dei franske og indianske krigane.
Kong Vilhelm-krigen
Del av niårskrigen
Frontenac receiving the envoy of Sir William Phipps demanding the surrender of Quebec, 1690.jpg
Grev Frontenac, guvernør i Ny-Frankrike, nekta å godta dei engelske vilkåra om overgjeving under slaget ved Quebec i 1690.
Dato 1689 – 1697
Stad Nord-Amerika
Resultat Freden i Ryswick
Status quo ante bellum
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Pavillon LouisXIV.svg Ny-Frankrike
Wabanaki-føderasjonen
Flag of England.svg England
Flagget til England Engelsk Amerika
Irokesarføderasjonen
Kommandantar
Flagget til Frankrike Grev Frontenac
Flagget til Frankrike Pierre Le Moyne d'Iberville
Flagget til Frankrike Claude-Sébastien de Villieu
Flagget til Frankrike Joseph-François Hertel de la Fresnière
Flagget til England Sir William Phips
Flagget til England Benjamin Church
Flagget til England Pieter Schuyler

Kong Vilhelm-krigen (1689–1697, òg kjend som den andre indianarkrigen[1]) var den nordamerikanske krigsskodeplassen i niårskrigen. Han var den første av seks kolonikrigar utkjempa mellom Ny-Frankrike og Ny-England i lag med deira respektive indianske allierte før Storbritannia til slutt slo Frankrike i Nord-Amerika i 1763.

For Kong Vilhelm-krigen ønskte verken England eller Frankrike å svekke stillinga si i Europa for å støtte krigen i Nord-Amerika.[2] Ny-Frankrike og Wabanaki-føderasjonen klarte å hindre Ny-England å ekspandere inn i Acadia. Ny-Frankrike rekna grensa som Kennebec River i det sørlege Maine.[3] I følgje vilkåra i Freden i Ryswick vart grensene og utpostane i Ny-Frankrike, Ny-England og New York i stor grad verande uendra.

Krigsårsaker[endre | endre wikiteksten]

Den engelske katolske kong Jakob II vart avsett mot slutten av 1688 i den ærerike revolusjonen, før protestantiske Vilhelm og Maria tok over trona. Vilhelm vart med i Augsburgforbundet i sin eigen krig mot Frankrike (starta tidlegare i 1688), der Jakob hadde flykta til.

I Nord-Amerika vart det stor spaning mellom Ny-Frankrike og dei nordlege engelske koloniane, som i 1686 hadde vorte samla i maktområdet Ny-England. Ny-England og Irokesarføderasjonen kjempa mot Ny-Frankrike og Wabanaki-føderasjonen. Irokesarane dominerte den økonomisk viktige pelshandelen ved Dei store sjøane og hadde vore i strid med Ny-Frankrike sidan 1680.[4] Etter ønske frå Ny-England braut irokesarane inn i handelen mellom Ny-Frankrike og dei vestlege stammene. Som hemn raida Ny-Frankrike Seneca-områda vest i New York. Ny-England støtta så irokesarane i åtak mot Ny-Frankrike, som dei gjorde med å raide Lachine.[5]

Det var liknande spaningar på grensa mellom Ny-England og Acadia, som Ny-Frankrike definerte som Kennebec River sør i Maine.[6] Engelske nybyggjarar frå Massachusetts (som meinte dei eigde Maine-området) hadde utvida busetnadane sine inn i Acadia. For å sikre kravet til Ny-Frankrike i dagens Maine, oppretta Ny-Frankrike katolske misjonar i dei tre største innfødde landsbyane i regionen: ein ved Kennebec River (Norridgewock); ein lenger nord ved Penobscot River (Penobscot) og ein ved St. John River (Medoctec).[7][8] For sin del, som svar til Kong Filip-krigen, skapte dei fem indianske stammene i Acadia Wabanaki-føderasjonen for å danne ein politisk og militær allianse med Ny-Frankrike for å stoppe utvidinga til Ny-England.[9]

Krig[endre | endre wikiteksten]

Kart over felttoga.

Acadia og Ny-England[endre | endre wikiteksten]

Wabanaki-føderasjonen utførte dei første raida i krigen langs grensa mellom Ny-England og Acadia. I juni 1689 raida fleire hundre Abenaki- og Pennacook-indianarar kommandert av Kancamagus og Mesandowit Dover i New Hampshire og tok livet av meir enn 20 og 29 til fange, som vart selde som fangar i Ny-Frankrike. Etter heimen og landsbyen til Jean-Vincent d'Abbadie de Saint-Castin ved Penobscot Bay (nær dagens Castine i Maine, kalla opp etter han) vart plyndra av guvernør Andros i 1688, førte Castin abenakiane og erobra and øydela fortet i Pemaquid (i dagens Bristol i Maine) i august 1689. Ny-England tok hemn og sende major Benjamin Church på raid i Acadia.

Under Kong Vilhelm-krigen leia Church fire raid frå Ny-England inn i Acadia (som omfatta det meste av Maine) mot akadiarane og Wabanaki-føderasjonen. Det første toktet inn i Acadia, den 21. september 1689, forsvarte Church og 250 soldatar ei gruppe engelske nybyggjarar som prøvde å slå seg ned ved Falmouth (i dagens Portland i Maine). Stammene frå Wabanaki-føderasjonen tok livet av 21 av mennene hans, men Church klarte å forsvare nybyggjarane og dei innfødde trekte seg attende.[10] Church reiste så attende til Boston og let ei lita gruppe engelske nybyggjarar vere att uverna. Våren etter drog 400 franske og innfødde soldatar, leia av Castin, og øydela Salmon Falls (i dagens Berwick i Maine), før dei vendte attende til Falmouth og massakrerte alle dei britiske nybyggjarane i slaget ved Fort Loyal. Då Church kom til landsbyen seinare på sommaren gravla han alle dei daude.[11]

Slaget ved Port Royal (1690)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Port Royal i 1690.

Innbyggjarane i Ny-England, leia av sir William Phips, gjorde hemn ved å angripe Port Royal, hovudstaden i Acadia. Slaget ved Port Royal starta den 9. mai 1690.[12] Phips kom med 736 mann i sju engelske skip. Guvernør de Meneval kjempa i to dagar før han kapitulerte. Garnisonen vart innesperra i kyrkja og guvernør de Meneval vart sett i husarrest. Ny-engelskmennene raserte det som var byrjinga på eit nytt fort.[13]

Phips forlet staden, men krigsskip frå New York kom fram i juni som førte til ytterlegare øydelegging.[14] Sjømenn brende og plyndra busetnaden, inkludert soknekyrkja.[15] Engelskmennene reiste igjen og Villebon, guvernøren i Acadia, flytta hovudstaden til tryggare område lenger inn ved Fort Nashwaak (i dagens Fredericton i New Brunswick). Fort Nashwaak vart verande hovudstaden fram til krigen var over, då han vart flytta attende til Port Royal i 1699.[16]

I det andre toktet til Church i Acadia kom han med 300 mann til Casco Bay den 11. september 1690. Oppdraget hans var å redde det engelske Fort Pejpescot (dagens Brunswick i Maine), som hadde blitt teken av Wabanaki-føderasjonen.[17] Han gjekk opp langs Androscoggin River til Fort Pejepscot.[18] Frå der gjekk han 70 km opp elva til Livermore Falls og gjekk til åtak på ein indianarlandsby. Eit par dagar seinare gjekk medlemmar av Wabanaki-føderasjonen til åtak på Church ved Cape Elizabeth på Purpooduc Point som hemn og tok livet av 7 av mennene hans og skadde 24 andre.[19] Den 26. september drog Church attende til Portsmouth i New Hampshire.

Tidleg i 1692 gjekk 150 abenakiar kommandert av offiserar frå Ny-Frankrike inn i Massachusetts-byen York, og tok livet av om lag 100 engelske nybyggjarar og brende ned bygningar i det som vart kjend som kyndelsmessemassakren.

Det tredje toktet til Church til Acadia under krigen var i 1692 då han raida Penobscot (i dagens Indian Island i Maine) med 450 mann.[20] Church og mennene hans gjekk vidare og raida Taconock (Winslow i Maine).[21]

I 1693 gjekk fregattar frå Ny-England til åtak på Port Royal igjen og brende nesten eit dusin hus og tre låvar fulle av korn.[22]

Den 18. juli 1694 raida den franske soldaten Claude-Sébastien de Villieu med om lag 250 abenakiar frå Norridgewock kommandert av sagamore (overhøvding) Bomazeen (eller Bomoseen) den engelske busetnaden Durham i New Hampshire, i «Oyster River-massakren». I alt tok dei franske og indianske styrkane livet av 45 innbyggjarar og tok 49 fangar, og brende halvparten av bustadhusa og fem garnisonar. Dei øydela òg avlingar og tok livet av buskap, slik at dei overlevande svelta.

Omleiringa av Pemaquid (1696)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå omleiringa av Pemaquid i 1696.

I 1696 vendte Ny-Frankrike og stammene i Wabanaki-føderasjonen, leia av Pierre Le Moyne d'Iberville, attende og kjempa eit sjøslag i Bay of Fundy før dei drog vidare og raida Pemaquid i Maine nok ein gong. Som hem drog Church ut på det fjerde toktet sitt til Acadia og raida dei akadiske samfunna på Chignecto-eidet og Fort Nashwack (i dagens Fredericton i New Brunswick), som då var hovudstaden i Acadia.[23]

Quebec, New York og Newfoundland[endre | endre wikiteksten]

I august 1689 søkte 1500 irokesarar hemn etter handlingane til Denonville og gjekk til åtak på den franske busetnaden Lachine. Grev Frontenac, som erstatta Denonville som generalguvernør, gjekk seinare til åtak på irokesarlandsbyen Onondaga. Ny-Frankrike og deira indianske allierte gjekk så til åtak på engelske grensebusetnader tidleg i 1690, mellom anna Schenectady i New York.

Dette vart følgd opp med to tokt. Eit av dei var på land under general Fitz-John Winthrop frå Connecticut-militsen, med Montreal som mål. Det andre var leia av sir William Phips, med Quebec som mål. Toktet til Winthrop var mislukka på grunn av sjukdom og forsyningsproblem, og Phips vart slått i slaget ved Quebec.

Quebec- og Port Royal-tokta var dei einaste store offensivane til Ny-England i Kong Vilhelm-krigen og i resten av krigen var dei engelske kolonistane hovudsakleg opptekne med å forsvare seg, småtrefningar eller hemntokt.

Irokesarane leid av at engelskmennene, deira allierte, var svake.[24] I 1693 og 1696 herja franskmennene og deira indianske allierte irokesarbyar og øydela avlingar medan kolonistane i New York heldt seg passive.

Etter at engelskmennene og franskmennene gjorde fred i 1697 vart irokesarane, som no var etterlatne for seg sjølv av dei engelske kolonistane, verande i krig med Ny-Frankrike fram til 1701,[25] då det vart signert ein fredsavtale i Montreal mellom Ny-Frankrike og mange irkoesar- og andre stammer.

Hudson Bay[endre | endre wikiteksten]

Krigen var òg eit bakteppe for ein pågåande økonomisk strid mellom franske og engelske interesser i det arktiske Nord-Amerika. Hudson's Bay Company hadde oppretta handelsstasjonar ved James Bay og dei sørlege områda av Hudsonbukta tidleg i 1680-åra. I ei rekkje raid starta med eit tokt i 1686 organisert av guvernør Denonville, og dei fleste av desse stasjonane vart tekne av franskmennene, hovudsakleg leia av Pierre Le Moyne d'Iberville. I eit av dei store sjøslaga i krigen klarte d'Iberville med eit enkelt skip å slå tre engelske skip i Hudsonbukta.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Freden i Ryswick i 1697 enda krigen mellom dei to kolonimaktene, og sette kolonigrensene til status quo ante bellum, slik dei hadde vore før krigen. Freden varte derimot ikkje lenge,[26] og i løpet av fem år var koloniane trekt inn i den neste fasen av dei franske og indianske krigane, dronning Anne-krigen. Etter at irokesarane hadde kome til fred med Frankrike i 1701, heldt dei seg nøytrale i krigen, og tok ikkje del i fiendskapen for nokre av partane. Spaninga var høg mellom engelskmennene og abenakiane, som igjen kjempa i lag med franskmennene i dronning Anne-krigen.

Representantar frå Hudson's Bay Company var misnøgde med Ryswick-avtalen. Sidan dei hadde tapt dei fleste handelsstasjonane sine i Hudsonbukta til franskmennene før krigen starta, tydde regelen om status quo ante bellum at dei vart verande under fransk kontroll. Selskapet tok attende områda ved forhandlingsbordet då freden i Utrecht enda dronning Anne-krigen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Taylor, Alan. Writing Early American History. Philadelphia: University of Pennsylvania Press, 2005; s. 74.
  2. Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britan and Russia 1688–1725, 488
  3. William Williamson. The history of the state of Maine. Vol. 2. 1832. s. 27; Griffiths, E. From Migrant to Acadian. McGill-Queen's University Press. 2005. s.61; Campbell, Gary. The Road to Canada: The Grand Communications Route from Saint John to Quebec. Goose Lane Editions and The New Braunschweig Heritage Military Project. 2005. s. 21.
  4. The Iroquois restoration: Iroquois diplomacy on the colonial frontier, 1701-1754 By Richard Aquila. University of Nebraska Press. 1997. s. 43
  5. The Iroquois restoration: Iroquois diplomacy on the colonial frontier, 1701-1754 av Richard Aquila. University of Nebraska Press. 1997. s. 44
  6. William Williamson. The history of the state of Maine. Vol. 2. 1832. s. 27; Griffiths, E. From Migrant to Acadian. McGill-Queen's University Press. 2005. s.61; Campbell, Gary. The Road to Canada: The Grand Communications Route from Saint John to Quebec. Goose Lane Editions and The New Braunschweig Heritage Military Project. 2005. s. 21.
  7. «Meductic Indian Village / Fort Meductic National Historic Site of Canada». Parks Canada. http://www.historicplaces.ca/en/rep-reg/place-lieu.aspx?id=14831. 
  8. John Grenier, The Far Reaches of Rike. University of Oklahoma Press, 2008, s. 51, s. 54.
  9. http://www.wabanaki.com/Harald_Prins.htm
  10. Drake, The Border Wars of New England, s. 33
  11. Benjamin Church, Thomas Church, Samuel Gardner Drake, The history of the great Indian war of 1675 and 1676, commonly called Philip ..., s.175-176
  12. John Reid, "1686-1720: Imperial Intrusions", in Buckner, s. and Reid J. (eds), The Atlantic Region to Confederation: A History, Toronto University Press. 1994. s. 82.
  13. Brenda Dunn. A History of Port Royal, Annapolis Royal: 1605-1800. Nimbus Publishing, 2004. s. 38
  14. John Reid. "1686-1720: Imperial Intrusions". In Buckner, s. and Reid J. (eds). The Atlantic Region to Confederation: A History. Toronto University Press. 1994. s. 82.
  15. Brenda Dunn. A History of Port Royal, Annapolis Royal: 1605-1800. Nimbus Publishing, 2004. s. 40
  16. Dunn, s. 45
  17. Benjamin Church, Thomas Church, Samuel Gardner Drake, The history of the great Indian war of 1675 and 1676, commonly called Philip ..., s.179-180
  18. Drake, s. (66)
  19. Drake, s.69
  20. Benjamin Church, Thomas Church, Samuel Gardner Drake, The history of the great Indian war of 1675 and 1676, commonly called Philip ... s. 212
  21. Church, s. 214
  22. Brenda Dunn. A History of Port Royal, Annapolis Royal: 1605-1800. Nimbus Publishing, 2004. s. 43
  23. Benjamin Church, Thomas Church, Samuel Gardner Drake, The history of the great Indian war of 1675 and 1676, commonly called Philip ... p.215
  24. Taylor, American Colonies: The Settling of North America, s.290
  25. Taylor: American Colonies: The Settling of North America, s.291
  26. Trafzer, Clifford E. As long as the grass shall grow and rivers flow a history of Native Americans. Fort Worth: Harcourt College, 2000