Kongedømet Fusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kongedømet Fusa var eit kunstprosjekt for å utforska spørsmål knytt til omgrepet identitet. Den 21. juni 2003 vart Fusa kommune erklært som eigen stat under ein seremoni på Eide. Kunstnaren Morten Holmefjord vart av formannen i eldrerådet krynt til visekonge. Kommunen vart soleis til Kongedømet Fusa. Forholdet mellom Visekongen og dei folkevalde var regulert i Engeviktraktaten, som vart signert av dåverande ordførar Asbjørn Heidal og Visekongen.

21. juni 2004 gav Fusa Sentralbank ut den nye valutaen fusisk krune (FSK). Ei fusisk krune var like mykje verd som ei norsk krone. Året etter utgav Sentralbanken i samarbeid med Det viseregale kontoret eit eige sett med brevmerke for Fusa.

21. juni 2005 vart Fusapasset lansert. I tillegg til mange vanlege passfunksjonar, inneheldt Fusapasset m.a. ein statskalender for kongedømet, lister over viseregale og kongelege verv, forvaltning og reglement, ei revidert utgåve av Engeviktraktaten og 10 tesar for kongedømet Fusa. Forsida synte Fusa sitt riksvåpen og bar teksten «Fusa», «pass», «Kingdom of Fusa» og «Passport».

Kongedømet Fusa vart aldri anerkjent som sjølvstendig stat i juridisk tyding. Men det rakk å få eit omfattande representasjonskorps den stutte tida det eksisterte. Det hadde utanriksråd, ambassadørar, konsular og generalkonsular i fleire land og i ei rekkje norske byar, sovel som omreisande representantar.

I tillegg vann Det viseregale kontoret å dela ut seks æresborgarskap, som gav desse personane tittelen æresfusing:

Den 12. september 2005 vart det halden folkerøysting i Fusa om kongedømet si framtid. Resultatet vart 680 røyster for å halda fram som eigen stat (42,8%), 908 røyster imot (57,2%) og 22 vraka røyster, til saman 1 610 røyster av 2 757 røysteføre (eit frammøte på 60,6%).

Nyttårsaftan 2006 vart Kongedømet Fusa høgtideleg nedlagt då Visekongen abdiserte som følgje av fleirtalet sitt nei. Representasjonskorpset fekk avskil i nåde, kongekrona vart sleppt i havet midtfjords, Visekongen reiste i eksil til Sør-Amerika, og Fusa gjekk attende til ei styreform som ein vanleg, norsk kommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]