Kongedømet Galicia og Lodomeria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For Det spanske kongedømet (403-1833), sjå Kongedømet Galicia.
Polsk:
Królestwo Galicji i Lodomerii
Tysk:
Königreich Galizien und Lodomerien
Ukrainsk:
Королівство Галичини та Володимирії

Kongedømmet Galicia og Lodomeria
Kronland under Habsburgmonarkiet
Polen-Litauen
 
Hertugdømmet Warszawa
 
Fristaden Kraków
 
Moldova (region)
1772–1918 Flag of Poland (1928-1980).svg
 
Flag of the Ukranian State.svg
 
Flag of Bukowina.svg
Flagg Våpen
Handelsflagg Våpen
Plasseringa til Galicia og Lodomeria
Kongedømmet innen Østerrike-Ungarn ved starten av første verdenskrig (1914).
Hovudstad Ikkje spesifisert
Språk Offisielt: tysk
Administrasjonsspråk (frå 1867): polsk
Minoritetsspråk: rutensk (ca. 40 %)
Religion Romersk-katolsk
ukrainske gresk-katolsk, jødedom, armensk-katolsk
Styreform Monarki
Konge
 - 1772-1780 Maria Teresia (fyrste)
 - 1916-1918 Karl I av Austerrike (siste)
Guvernør
 - 1772-1774 Johann Anton von Pergen (fyrste)
 - 1917-1918 Karl Georg Huyn (siste)
Lovgjevande forsamling Diet
Historisk periode 1772-1918
 - Den fyrste delinga av Polen 5. august 1772
 - Bukovina lagt til Januar 1775
 - Den tredje delinga av Polen: Vest-Galicia lagt til 24. oktober 1795
 - Freden i Tilsit: Vest-Galicia overført til Hertugdømet Warszawa 7. og 9. juli 1807
 - Fristaden Kraków innlemma 16. november 1846
 - Bukovina skild ut 4. mars 1848
 - Den ukrainske staten 29. april 1918
 - Den andre polske republikken 14. november 1918
 - Saint-Germain-traktaten 10. september 1919
Areal
 - 1773 81 900 km²
 - 1910 128 900 km²
Innbyggjarar
 - 1773 est. 2 600 000 
     Folketettleik 31,7 /km² 
 - 1888 est. 6 400 000 
     Folketettleik 78,1 /km² 
 - 1910 est. 8 025 675 
     Folketettleik 62,3 /km²
Valuta Gulden
Krone
I dag ein del av Flag of Poland.svg Polen
Flag of Ukraine.svg Ukraina
Flag of Romania.svg Romania

Kongedømet Galicia og Lodomeria, òg kjend som Austerriksk Polen, var eit kronland under det austerrikske Habsburgmonarkiet. Området kom under Huset Habsburg allereie under den første av dei tre delingane av Polen-Litauen i 1772, med rundt 81 900 km² og området vart utvida med 47 000 km² i det vestlege Galicia ved den tredje delinga 1795.[1]

Frå 1804 hadde det status som kronland under det austerrikske keisarriket då keisarriket blei oppretta dette året. Det heldt på denne statusen fram til Austerrike-Ungarn blei oppløyst i 1918.

Landet utgjorde heile den søraustlege delen av Polen-Litauen og er i dag ein historisk region i Sentral-Europa, delt mellom Polen og Ukraina. Fram til 1848 var Bukovina også ein del av kongedømmet, men vart då skild ut som ein eigen region som hertugdøme. Dette området er i dag delt mellom Ukraina og Romania.

Senteret for det historiske området Galicia (Galizia) er dagens regionar Lviv, Ternopil og Ivano-Frankivsk i det vestlege Ukraina.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart over Kongedømet Galicia og Lodomeria 1849–1918

Namnet «Galicia» er ei latinsk form av namnet «Halych», eit fyrstedøme i Rus-regionen i mellomalderen. Det var folkesett av austslavarar.

«Lodomeria» er eit stadnamn som historisk er blitt brukt om den austre delen av Sentral-Europa, men tydinga har endra seg gjennom tidene. Ordet er ei latinsk form av det polske ordet «Wladimeria», som igjen kan koma frå det austslaviske for «Vladimirs land». Dette kan anten visa til herskaren av Kievriket, Vladimir den store, og då viser til alt land han erobra, eller til byen Volodymyr-Volynskyj som han grunnlag og oppkalla etter seg sjølv i 987.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1772 var Galicia den største delen av området som blei annektert av Habsburgmonarkiet ved den første delinga av Polen. Denne austerrikske delen av Polen, saman med delar av det som seinare blei Ukraina, blei etablert som Kongedømet Galicia og Lodomeria for å understreka dei ungarske krava på området.

1775: Bukovina[endre | endre wikiteksten]

Kongedømmet i ulike fasar

Under den russisk-tyrkiske krigen (1768–1774) gjorde Austerrike krav på Bukovina, og etter den første delinga av Polen blei dette òg fremja for å sikra tilgangen frå Galicia til Transilvania. Då den russisk-tyrkiske krigen blei avslutta ved Küçük Kaynarca-traktaten i juli 1774, fekk Austerrike forhandla seg fram til dette området frå Det osmanske riket som hadde mista fotfestet nord for Svartehavet. Området blei formelt annektert i januar 1775.

1796: Vest-Galicia[endre | endre wikiteksten]

Ved den tredje delinga av Polen blei ein stor del av det etnisk polske området vest for det tradisjonelle Galicia (kalla Vest-Galicia) lagt til landet. Dette førte til ei endring i kva for eit geografisk område omgrepet Galicia viste til. Lviv (Lemberg) var hovudstad for det austerrikske Galicia, som var dominert av polsk aristokrati, til trass for at folkesetnaden i den austlege delen hovudsakleg var ukrainarar, eller rutenarar som dei blei kalla på den tida. I tillegg til det polske aristokratiet og adel som budde i omtrent alle delane av Galicia, og rutenarane i aust, var det store jødiske folkegrupper, òg ganske konsentrerte i dei austlege delane.

1807: Freden i Tilsit[endre | endre wikiteksten]

Freden i Tilsit avslutta den fjerde koalisjonskrigen under Napoleonskrigane, og viser til to avtaler som blei inngått i Tilsit i Aust-Preussen 7. og 9. juli 1807 mellom keisar Napoléon Bonaparte, tsar Aleksander I av Russland og kong Fredrik Vilhelm III av Preussen etter at Frankrike sigra over russiske styrkar i slaget ved Friedland. Fredsavtala førte blant anna til skipinga av det nye hertugdømet Warszawa. Territoriet til hertugdømet bestod i hovudsak av områda keisar Napoléon Bonaparte av Frankrike hadde erobra av kongedømet Preussen under Napoleonskrigene. Etter ein krig mot Austerrike i 1809 blei òg Vest-Galicia erobra frå austerrikarane og innlemma i hertugdømet.

1846: Fristaden Kraków[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1700-talet hadde Kraków blitt teken av austerrikske styrkar. Samtidig som Vest-Galicia blei overført frå Galicia og Lodomeria blei byen òg ein del av hertugdømet Warszawa, og blei som følgje av Wienerkongressen i 1815 ein fristad - òg kalla republikken Kraków - fram til 16. november 1846, under felles austerriksk, russisk og prøyssisk kontroll. Byen blei då annektert av Austerrike og innlemma i Galicia og Lodomeria etter oppfattande polsk-nasjonale oppstandar mot austerrikarane i heile Galicia i februar same året. Då denne oppstanden for å etablera eit fritt Polen fall saman, mista Kraków det delvise sjølvstyret sitt, og blei gjort til ein del av Galicia av dei austerrikske styresmaktene.[2] Då det austerrikske styret blei meir liberalt enn i det russisk- og prøyssiskokkuperte Polen, blei byen på nytt sentrum for polsk kultur og kunst og eit nasjonalsymbol for polakkane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Davies, Norman (2005). God's Playground. A History of Poland. The Origins to 1795 I (revidert utg.). Oxford University Press. s. 394. ISBN 978-0-19-925339-5. 
  2. Prothero, G W (1920). Austrian Poland. Peace handbooks. H.M. Stationery Office, London, via World Digital Library. Henta 5. juni 2014.