Kongedømet Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Royaume de France
Kongedømet Frankrike

843–1791
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
«Vive Henry IV»
Plasseringa til Frankrike
Plasseringa til Frankrike
Hovudstad Paris
Språk fransk (de facto; offisielt)
oksitansk, bretonsk, frankoprovençalsk, baskisk, elsassisk, vallonsk, lothringisk
Styreform Absolutt monarki
Lovgjevande forsamling États généraux
Parlement
Historie
 - Verdun-traktaten 843
 - Den franske grunnlova av 1791 3. september 1791
Valuta Livre
1 Frankrike hadde ikkje noko offisielt flagg, men som i andre autokratiske monarki var standardflagget til konge nytta som hovudflagg for å representere Frankrike.

Kongedømet Frankrike var eit monarki i Vest-Europa i mellomalderen og tidleg nytid. Det var ein av dei mektigaste statane i Europa, og var ei stormakt frå og med høgmellomalderen. Landet var også ei tidleg kolonimakt.

Det hadde opphav i den vestlege delen av Frankarriket, og bygde seg opp til ei stormakt dei neste tusen åra. Ludvig XIV, òg kjend som solkongen, utvikla ein mektig stat og rettsteorien absolutt monarki. Etter kvart førte påverknaden frå opplysingstida, den aukande kostnaden med den amerikanske sjølvstendekrigen som Frankrike støtta fullt ut, aukande politisk forståing og borgarskapet sitt behov for politisk fullmakt til den franske revolusjonen. Kongedømet vart då det konstitusjonelle Kongedømet Frankrike og så Den første franske republikken.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Karolingisk arv[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Vestfrankarriket.

Dei siste åra av regjeringstida til den gamle Karl den store, rykte vikingane fram i dei nordlege og vestlege områda av kongedømet hans. Etter at Karl den store døydde i 814 klarte ikkje etterkomarane hans å oppretthalde politisk samhald, og riket byrja å smuldre opp. Verdun-traktaten frå 843 delte det karolingiske riket og Karl den skalla herska over Vestfrankarriket, som om lag tilsvarar områda til dagens moderne Frankrike.

Vikingane fekk lov å herje fritt, og dei frykta langskipa deira segla opp Loire og Seinen og andre indre vassvegar, og øydela og spreidde terror. Under regjeringstida til Karl den einfaldige (898–922), hadde normannarar under Rollo frå Noreg, slått seg ned på begge sider av Seinen, nedanfor Paris, i det som vart Normandie.

Huset Capet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå franske monarkar.

Karolingarane delte så lagnad med føregangarane sine: etter ein periodevis maktkamp mellom dei to familiane, tok Hugo Capet i 987 over som hertug av Frankrike og greve av Paris, oppretta på trona til Huset Capet, som i lag med utskota Valois og Bourbon skulle herske over Frankrike i meir enn 800 år. Den gamle ordenen let det nye dynastiet ta kontroll over eit lite område kring sentrale område av Seinen og tilstøytande område, medan mektige herrar som grevane av Blois på 900- og 1000-talet, samla store landområde for seg sjølv gjennom ekteskap og private ordningar med lågadelege for vern og støytte.

Området kring nedre Seinen vart ei kjelde til uro då hertug Vilhelm erobra kongedømet England i den normanniske erobringa i 1066, og gjort seg sjølv og arvingane hans til kongar utanfor Frankrike (der han framleis på papiret var underlagt krona).

Frankrike i 1223

Henrik II arva hertugdømet Normandie og grevskapet Anjou, og gifta seg med den nyskilde, tidlegare dronninga av Frankrike, Eleanor av Aquitaine, som styrte mykje av det sørvestlege Frankrike, i 1152. Etter å ha slått ned eit opprør leia av Eleanor og tre av dei fire sønene deira, fekk Henrik Eleanor fengsla og gjorde hertugen av Bretagne til vassalen sin, slik at han i røynda styrte den vestlege halvdelen av Frankrike og hadde meir makt enn den franske trona. Etterkomarane til Henrik stridast derimot over delinga av dei franske områda hans, og i i lag med ein lengre strid mellom Johan av England og Filip II, vann Filip attende makta over det meste av dette området. Etter ein fransk siger i slaget ved Bouvines i 1214, hadde dei engelske monarkane berre makt over det sørvestlege hertugdømet Guyenne.

Hundreårskrigen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå hundreårskrigen.

Karl IV døydde i 1328 utan mannlege arvingar, enda hovudlinja til Capet. På grunn av den saliske lova, kunne ikkje krona gå til ei kvinne (dottera til Filip IV var Isabell og sonen hennar var Edvard III av England), slik at trona gjekk til Filip VI, son av Karl av Valois. Dette, i tillegg til ein langvarig strid om rettane til Gascogne i Sør-Frankrike, og forhold mellom England og dei flamske tekstilbyane, førte til hundreårskrigen frå 1337 til 1453. Det neste hundreåret var prega av øydeleggande krigføring, bondeopprør (det engelske bondeopprøret i 1381 og Jacquerie i 1358 i Frankrike) og aukande nasjonalisme i begge land.

Tapa med eit hundreår med krig var enorme, særleg på grunn av Svartedauden, som nådde området frå Italia i 1348 og som raskt spreidde seg opp Rhonedalen og så over det meste av landet. Det er estimert av at ein folkesetnad på om lag 18-20 millionar i dagens Frankrike på tida då årestadskatten frå 1328 150 år seinare hadde vorte redusert med 50 % eller meir.

Italienske krigar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå italienske krigar.

Etter hundeårskrigen signerte Karl VIII av Frankrike tre avtalar med Henrik VII av England, Maximilian I av Habsburg og Ferdinand II av Aragon i høvesvis Étaples (1492), Senlis (1493) og Barcelona (1493). Desse tre avtalane gjorde at Frankrike kunne setje i gang dei langvarige italienske krigane (1494–1559), som markerte byrjinga på det tidlege moderne Frankrike. Franskmennene sine forsøk på å auke dominansen sin førte i staden til auka makt for dei habsburgske tysk-romerske keisarane.

Religionskrigar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå franske religionskrigar.
Henrik IV av Frankrike av Frans Pourbus den yngre.

Kort tid etter dei italienske krigane var over hamna Frankrike ut ei indre krise som fekk store følgjer. Trass i at det vart signert eit konkordat mellom Frankrike og paven (1516), som gav krona uovertruffen makt til kyrkjelege utnemningar, vart Frankrike djupt påverka av reformasjonen, som prøvde å bryte hegemoniet til den katolske kyrkja i Europa. Ein veksande bybasert protestantisk minoritet (seinare kalla hugenottar) møtte hardare undertrykking under styret til sonen til Frans I, kong Henrik II. Etter at Henrik II, døydde i ei riddarturnering, vart landet styrt av enka Catherine de' Medici og sønene hennar Frans II, Karl IX og Henrik III. Katolikkane leia av dei mektige hertugane i Guise starta å kjempe tilbake mot protestantane og det heile kulminerte med ein massakre av hugenottar i 1562, som starta den første av dei franske religionskrigane, der engelske, tyske og spanske styrkar blanda seg inn hos dei protestantiske og katolske sidene. Hugenottane var imot absolutt monarki og dei hugenottiske monarkomakane teoretiserte på denne tida opprørsrett og tyrann-mord.

Religionskrigane enda med krigen med dei tre Henrikane der Henrik III myrda Henry de Guise, leiar for den spanskstøtta katolske ligaen, før kongen sjølv vart myrda. Etter mordet på både Henrik av Guise (1588) og Henrik III (1589), enda konflikten då den protestantiske kongen av Navarre tok over trona som Henrik IV (den første kongen frå Huset Bourbon). Han konverterte til katolisisme og gav ut ediktet i Nantes (1598), som garanterte religionsfridom og likskap mellom borgarane.

Kolonialisme[endre | endre wikiteksten]

Ludvig XIII, av Philippe de Champaigne, 1647.

Då det vart fred i Frankrike under Henrik IV la dette mykje av grunnlaget for det som skulle føre Frankrike oppover det europeiske hegemoniet. Frankrike ekspanderte gjennom nesten heile 1600-talet med handel i India og Madagascar, grunnlegginga av Quebec og inntrenginga til Dei store sjøane og Mississippi, opprettinga av plantasjeøkonomi i Vestindia og utvidinga av handelskontaktar i Levanten. I tillegg vart handelsmarinen deira auka.

Trettiårskrigen[endre | endre wikiteksten]

Sonen til Henrik IV, Ludvig XIII og ministeren hans (1624–1642) kardinal Richelieu, utdjupa ein politikk mot Spania og den tyske keisaren under trettiårskrigen (1618–1648) som braut ut mellom landa i Det tysk-romerske riket. Etter at både kongen og kardinalen døydde sikra Freden i Westfalen (1648) at den tyske politiske og religiøse oppdelinga vart universelt akseptert, men regentskapet til Anne av Austerrike og ministeren hennar kardinal Mazarin opplevde eit borgaropprør kjend som Fronde (1648–1653) som utvida seg til ein fransk-spansk krig (1653–1659). Pyrenearfreden (1659) formaliserte erobringa til Frankrike (1642) av det spanske området Roussillon etter å ha slått den kortvarige Katalanske republikken og ein kort periode med fred følgde.

Solkongen[endre | endre wikiteksten]

Ludvig XIV, av Hyacinthe Rigaud (1701)

Under det meste av regjeringstida til Ludvig XIV (1643–1715) var Frankrike den dominerande makta i Europa, støtta av diplomativerskemda til etterfølgjaren til Richelieu (1642–1661) kardinal Mazarin. Kardinal Mazarin fekk skapt ein fransk marine som kunne konkurrere med den engelske, og utvida marinen frå 25 til nesten 200 skip. Hæren vart òg kraftig utvida. Nye krigar (Devolusjonskrigen 1667-1668 og den fransk-nederlandske krigen 1672-1678) førte til at landet vann nye landområde (Artois og det vestlege Flandern og det frie grevskapet Burgund, som riket fekk i 1482), men på kostnad av stadig hardare motstand hos dei rivaliserande maktene, og ei enorm nasjonal gjeld. Ludvig var ein tilhengjar av teorien om guddommeleg rett for kongar, som hevdar at det herskande monarkiet har guddommeleg opphav og alle rettar, og heldt fram arbeidet til føregangarane med å skape ein sentralisert stat styrt frå hovudstaden. Han prøvde å fjerne restane av føydalisme som framleis eksisterte i delar av Frankrike ved å la adelseliten bu i det overdådige Versaillespalasset. Mange medlemmar av aristokratiet hadde delteke i Fronde-opprøret, men vart no tilfredsstilt av Ludvig. På den måten innførte han eit system med absolutt monarki i Frankrike som varte fram til den franske revolusjonen.

Kongen prøvde å innføre same religion over heile landet, og kansellerte editet i Nantes frå 1685. Han innførte dragonnadar, der primitive soldatar vart innkvartert i heimane til protestantar og kunne gjere som dei ønskte med dei. Mange protestantar flykta frå Frankrike og mange intellektuelle, handverkarar og andre verdifulle menneske forsvann frå landet. Forfølginga vart utvida til uortodokse katolikkar som jansenistane, ei gruppe som fornekta fri vilje og som alt hadde vorte fordømd av pavane. Ludvig var ikkje no teolog og forstod lite av dei komplekse doktrinane til jansenismen, men det var nok for han at dei truga felleskapen til staten. Med dette fekk han støtte hos pavane, som tidlegare hadde vore fiendtleg innstilt mot Frankrike sidan alle kyrkjene i landet hadde vorte underlagt staten og ikkje Roma.

I november 1700 døydde den innavla, mentalt tilbakeståande spanske kongen Karl II utan arvingar, og enda den habsburgske linja i landet. Ludvig hadde lenge venta på dette tidspunktet, og planla no å setje ein bourbonsk slektning, Filip, hertug av Anjou, på trona. I røynda hadde Spania då vorte ein lydig satellittstat under Frankrike, styrt av ein konge som ville utfører ordrar frå Versailles. Dei andre europeiske maktene innsåg derimot korleis dette kunne røre ved maktbalansen, men andre alternativ var heller ikkje ønskeleg. Om ein til dømes sette ein ny habsburgherskar på trona, ville ein ende opp med å gjenskape riket til Karl V, som òg ville ha stor innverknad på maktbalansen. Etter ein ni år lang, slitsam krig, var det siste Ludvig ønskte ein ny krig. Men resten av Europa godtok ikkje planane hans i Spania og den spanske arvefølgjekrigen starta, berre tre år etter niårskrigen enda.

Ludvig XV, av Hyacinthe Rigaud, 1730

Usemje og revolusjon[endre | endre wikiteksten]

Regjeringstida (1715–1774) til Ludvig XV var ei fredeleg og velståande tid under regentskapet (1715–1723) til hertug Filip II av Orléans. Politikken hans vart vidareført av (1726–1743) av kardinal Fleury, som var statsminister på papiret. Europa var trøytt etter to store krigar og ein lang periode med fred følgde, berre avbroten av mindre konfliktar som den polske arvefølgjekrigen frå 1733 til 1735. Dei større krigane starta med den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748). Men alliansen med den tradisjonelle habsburgske fienden («den diplomatiske revolusjonen» frå 1756) mot den aukande makta til Storbritannia og Preussen førte til eit kostbart nederlag i sjuårskrigen (1756–1763) og Frankrike tapte koloniane sine i Nord-Amerika.

Ludvig XVI måla av Antoine-François Callet (1775).

I det heile vart det stadig aukande misnøye med monarkiet og den etablerte ordenen utover 1700-talet. Ludvig XV var ein særs upopulær konge på grunn av den seksuelle framferda, svakheita, og for å ha tapt Canada til britane. Ein sterk herskar som Ludvig XIV forsterka stillinga til monarkiet, medan Ludvig XV svekka han. Skriftene til filosofar som Voltaire var klåre teikn på misnøye, men kongen valde å ignorere dei. Han døydde av koppar i 1774 og det franske folket felte få tårer over han. Frankrike hadde ikkje enno starta på den industrielle revolusjonen som var i gang i England, og den aukande middelklassen i byane følte stadig meir frustrasjon med systemet og ein herskar som verka toskete, fjollete, fjern og forelda, sjølv om føydalismen ikkje lenger eksisterte i Frankrike.

Då Ludvig XV døydde vart barnebarnet hans Ludvig XVI konge. Han var først populær, men han vart òg etter kvart kraftig mislikt utover i 1780-åra. Han var nok ein svak herskar og gifta seg med den austerrikske erkehertuginna Marie Antoinette, som var ei overdriven kvinne med overdådige hoff og hushald som brukte opp enorme pengesummar. I tillegg var den franske innblandinga i den amerikanske sjølvstendekrigen særs dyr.

Med eit land i stor gjeld, gav Ludvig XVI løyve til radikale reformer av baron Turgot og Malesherbes, men misnøye hos adelen gjorde at Turgot vart sagt opp og Malesherbes sjølv sa opp i 1776. Dei vart erstatta av Jacques Necker. Necker sa opp i 1781 og vart erstatta av Calonne og Brienne, før Necker vart gjeninnsett i 1788. Ein hard vinter det året førte til stor matmangel, og på det tidspunktet hadde Frankrike vorte ei kruttønne som var klar til å eksplodere.

Ved starten av den franske revolusjonen i 1789 var Frankrike i ei stor institusjonell og økonomisk krise, men ideane frå opplysinga hadde starta å gå igjennom hos dei utdanna samfunnsklassane.

Den 3. september 1791 vart det absolutte monarkiet som hadde styrt Frankrike i hundreår tvungen til å trekkje seg og vart eit mellombels konstitusjonelt monarki kjend som Det franske kongedømet (fransk Royaume des Français). Dette varte derimot ikkje lenge og 21. september 1792 vart det franske monarkiet avskaffa då Den første franske republikken vart erklært.

Administrative strukturar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Ancien Régime i Frankrike.

Ancien Régime, eit fransk uttrykk som på norsk vert «det gamle styret» eller «det gamle regimet» syner hovudsakleg til det aristokratiske, samfunnsmessige og politiske systemet som vart oppretta i Frankrike frå kring 1400-talet til 1700-talet under Valois- og Bourbon-dynastia. Den administrative og sosiale strukturen i Ancien Régime var resultatet av åresvis med statsbygging, lover (som Villers-Cotterêts-lova), indre stridar og borgarkrigar, men dei vart eit forvirrande lappeteppe av lokale privilegium og historiske skilnader fram til den franske revolusjonen førte til ei radikal undertrykking av mangel på administrativ samanheng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]